Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Lett bris
Torsdag
Torsdag Sludd
Sludd
Svak vind

Ole-Eirik Ree i godt CD-selskap

Cellisten Ole-Eirik Ree stammar frå Surnadal. Med «Påskekvartetten» turnerer han i helga på heimlege trakter med Haydns «Jesu Syv Ord». Men visste du at han også er CD-artist?

Det store plateselskapet Naxos engasjerte fire unge nordmenn til å spela inn CD med musikk av «fiolinens konge» Eugene Ysaye for nokre år sia. Fiolinistane Henning Kraggerud og Bård Monsen, bratsjisten Lars Anders Tomter og cellisten Ole-Eirik Ree fekk dermed eit stort og kresent publikum.

Resultatet vart så bra at plata var nominert til Spellemannsprisen.

Ole-Eirik vaks opp i Kristiansund og lære cellospel av Liv Sedsbøe Gismervik og Ørnulf Michaelsen. Med sitt store tralent kom han til USA og vart elev av legendariske Zara Nelsova, ja - faktisk hennar assistent ved Mason Gross School of the Arts, der han også tok sin doktorgrad. Etter heimkomsten til Norge vart han førsteamanuensis og leiar av strykarseksjonen ved Barratt Dues Musikkinstitutt i Oslo.

Kristiansundaren – altså med aner i Surnadal - har i mange år vore ein hjørnestein i kvartettsatsingar regissert av KKKK-Festivalen i Kristiansund. Både Ole-Eirik og hans kostelege Rocca-cello er bokstaveleg tala namn med god klang både heime og utafor landets grenser!

På CD-en framfører gruppa kammermusikk av belgiske Eugene Ysaÿe (1858-1931). Ole-Eirik åleine står for ei klangfull tolking av hans «Sonate for solo cello»: Vel verdt å skaffe seg og lytte til!

I helga er spelar han altså Haydns flotte pasjonsverk saman med fiolinistane Sara Övinge og Sara Chen og bratsjisten Anders Rensvik - i Kirklandet og Aure laurdag, i Ålvundeid og Øye søndag.

Ree Ole-Eirik 2013.jpg

Lokal cello-stjerne: Ole-Eirik Ree gjer stas på Ysaye med si tolking av sonaten. Foto: Henning Kraggerud.

Ree Ole-Eirik ...Ysaye.jpg

Norsk kvartett fyller plata med vakker kammermusikk av «fiolinens konge».

 

BGB

Tips en venn Skriv ut