Tre rappende ordførere_700x393

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - mai

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det mai og tre ordførere rappet på Dokkhuset i Trondheim!:

 

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira.

I dag på 2. juledag får du alle nyheter i Rindal fra mai 2010:

MAI
Nordmørstreffet på Dokkhuset i Trondheim traff mange. Ordførerne i Rindal (John Ole Aspli), Surnadal (Mons Otnes) og Halsa (Ola Rognskog) (til venstre) rappet til stor overrasking for dei rundt 100 ungdommane som møtte fram. Kommunane inviterte til opplevingskveld for å lokke fleire til å vurdere å flytte til området etter endt utdanning. Bli Nordmøring heitte opplegget.

Rindals-Troll stilte for første gong med to lag i Holmenkollstafetten (til høyre førstelaget), der elitelaget satsa på å forbetre tida frå i fjor. Da vart dei nummer 15. med tida 52,36 og var berre fem sekund attom rekorden frå 2008. Tor Jarle Bolme hadde god tru på at dei skulle prestere enda betre i år. Og han fekk rett. Rindals-Troll vart sjuande beste norske lag (totalt nummer åtte) under verdas største gatestafett. Det vart ein jubeldag for Rindals-Troll i Holmenkollstafetten, der det vart den beste plasseringa nokonsinne. – Vi er kjempefornøgde! Dette gir oss motivasjon til å stå på vidare, og til forhåpentlegvis å markere oss i konkurransar vidare utover sommaren, sa lagleiar Tor Jarle Bolme etter stafetten.

Ellers sondera styra i idrettslaga i Rindal rundt muligheten av å danne eit felles idrettslag for heile bygda ein gong i framtida. Både IL Rindøl og IK Rindals-Troll inviterte til medlemsmøter, mens Rindal FK også var med i sonderingane.

Både Rindal og Halsa var skeptiske til ein storkommune på Indre Nordmøre. Det var bedriftseigar Finn Talgø (70) i Todalen som ville slå saman kommunane Surnadal og Sunndal. – Halsa og Rindal må gjerne inviterast med i storkommunen, sa han. – Med Trollheimstunnelen på plass vil eit slikt grep styrke indre Nordmøre, la han til.

Rindal søkte om å få bli vertskommune for områdeforvaltaren til Trollheimen landskapsvernområde. Surnadal var og ute etter denne stillinga. Fylkesutvalet gjekk inn for Rindal i ei innstilling til departementet i oktober.

17. mai vart feira tradisjonelt med eit folketog frå rinal kirke om helsetunet og til Rindalshuset. Unge slapp til på talarstolen – Solfrid Jensvold på Skogsletta og elevar frå sjuande trinn på sentrum. Toget i øverbygda gjekk som vanleg frå kapellet til Skogsletta. Der vart også dagen avslutta med kveldsarrangement, som samla 100 feststemte rindalingar.

I mai slapp komiteen for Optimistkonferansen sitt program og hadde ”tre toillinga og ein TV-kjendis” å by på: Lornts Mørkved, Marvin Wiseth og Alex Rosén (til venstre) . – Med denne gjengen er vi sikra en artig ettermiddag med mye humor og mange gode replikker, sa banksjef Odd Inge Løfald.

Hårete mål i kommunen: Hovudmålet i de foreslåtte kommunedelplanen er å auke talet på innbyggarar med like mykje som prognosane seier at antal rindalingar vil synke med innan 2020. Det betyr 60 fleire i staden for 60 færre rindalingar i 2020.

- Å bo i Rindal er bare fantastisk herlig, sa Stian Kooyman i slutten av mai. Saman med familien har han flytta til bygda. Mens fleire av nabokommunane slit med befolkningsnedgang, blir det stadig fleire rindalingar. Der var ordførar John Ole Aspli glad for. Han trudde satsinga på å markedsføre Rindal som ein stad der folk har ”tid til å leve” har fungert. Bygdeforskar Reidar Almås trur befolkningsveksten i Rindal skuldast godt rekrutteringsarbeid. – Rindal er litt mot straumen, seier Almås. Kommunen lykkast der kommunar mykje nærare befolkningssentra ikkje klarer å få den same tilbakeflyttinga. Bygdeforskaren sa det er normalt at unge dreg ut for å utdanne seg, men at det ser ut til at Rindal lykkast godt med å få mange attende.

Norsk Vandrefestival nektar å gje opp, sjøl om utfordringane har vore mange og motbakkane bratte. I slutten av mai var eit innhaldsrikt program klart og årets festival vart åpna av ein kjendisvandrar: styreleiar Kristin Krohn Devold i Den Norske Turistforening.