multe

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - februar

Årets nyhetskavalkade for Rindal på Trollheimsporten er henta fra "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil en egen nyhetskavalkade komme hver dag. Begge kavalkadene kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kommer nyhetene for en måned hver dag fram til 2. januar 2011. I dag er det ferbuar og da ble Trollheimsporten lansert med ny design:

Rindal Heimbygdlager medlemmer av Trollheimsporten med informasjonsside og du finn heile denne kavalkaden i deira årsskift for i år. Vidare legg vi kavalkaden ut kvar dag på deira nyhetsside her - som du finn på informasjonssida til Rindal Heimbygdlag.

FEBRUAR
Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem - klikk på Kavalkade og sjå alle månedene!

Trollheimsporten.no (til høyre) er ein svært populær nettstad for rindalingar, som no har vore i drift i ti år. 1. februar vart nettstaden lansert i ny versjon og utvida samtidig området sitt til Surnadal. – Vi har hatt same utsjånad i ti år og no har Trollheimsporten utvikla seg så mykje at vi treng meir plass til annonsar, sa redaktør Willy Karlstrøm. Nettstaden er medlemsbasert og ei rekkje bedrifter, lag og organisasjonar har nettstad organisert under Trollheimsporten. Dette skal utviklast vidare i den nye løysinga. Karlstrøm er den einaste heiltidstilsette, men han har sju medredaktørar som er med og redigerer nettstaden. – Trollheimsporten.no skal vere eit positivt bidrag i lokalsamfunna i Surnadal og Rindal. Vi skal profilere Trollheimen og dalføret på ein positiv måte. Det er det lagt eit kjøle godt grunnlag for, og det skal vi utviklie vidare. Vi skal vera ein positiv omdømmebyggar, sa Karlstrøm og var godt fornøgd med å få med Surnadal kommune som samarbeidspartnar. – I staden for å prøve noko nytt, ser vi at det å gå inn i eit samarbeid med Trollheimsporten, kan vera fornuftig. Å ha ein felles portal for to kommunar, som er felles arbeids- og bumarknad, er positivt, sa ordførar Mons Otnes i Surnadal.

Fem sparebankar, inkludert Rindal, ga 50 000 kroner til katasrrofeofra på Haiti gjennom Leger utan grenser. Forutan Rindal var Hemne, Orkdal, Meldal og Surnadal med.

Fire tilbydarar ville prosjektere Rindal Vest (til venstre). Rambøll Ålesund og Trondheim fekk jobben. No må rindalingane meine noko om kvad ei ønsker av eit slikt prosjekt. – Kva kan vi fylle den gamle autoverkstaden med? Kva skal til for at folk vil ferdast der dagleg, og dermed gjera det attraktivt å drive næringsverksemd der? spurte prosjektleiar Steinar Hovlandsvåg (til venstre) og var spent på kva rindalingane ønsker for Rindal Vest. Seinare vart det invitert til folkemøte om sentrumsutviklinga og første setning i innbydinga frå ordførar John Ole Aspli lød slik: ”Utbygging av lokaler og areal i sentrumsområdet er snart i gang. Har du innspel og idear?” Under dette møtet var det stor entusiasme for Rindal Vest og eit mylder av idear dukka opp – ikkje alle like populære.

I Bulgaria gikk Lars Hol Moholdt på en smell i verdenscupen i skiorientering. Han sikra seg inn på pallen, men vart nummer 5 drøye to minutt etter vinnaren. Sjøl var han svært skuffa og svært sliten eller løpet. Nokre dagar seinare kom den første verdenscupseieren for Lars, da han saman med Marte Renaas vann mix-stafett i Uzana i Bulgaria.
I første distanse i EM i Miercure Ciuk i Romania var Lars sjanselaus om å kjempe i toppen. Feil vegvalg øydela mykje. Han vart åttandemann, best av dei norske, men 2,06 etter vinnaren Peter Arnesson frå Sverige. I EM-stafetten vart det sølvmedalje saman med Eivind Tonna og Hans Jørgen Kvåle.

Regjeringa oppnemnte eit utval som skal sjå på korleis såkalla kompetansearbeidsplassar – altså jobbar som krev høgare utdanning – kan skapast i distrikta, og om statlege arbeidsplassar kan leggast utanfor dei typiske vekstområda her i landet. – Om ikkje riksveg 65 (no fylkesveg) blir utbetra kan dårleg veg bli det største hinderet for fleire arbeidsplassar. Regionen må ikkje hamne i bakleksa, åtvara banksjef Odd Inge Løfald i Rindal Sparebank.

FAU ved Øvre Rindal skule ba om å få utgreidd byte av målform frå nynorsk til bokmål ved skulen. Det fekk dei av kommunestyret og seinare på året var det målavstemming (til høyre) der bokmål vann fram.

Hallvard Løfald, Rindals-Troll, fekk endeleg gå norgescuprenn i langrenn, noko som endte med sjette- og sjuandeplass på Hovden. Han var letta etterpå og sa at det lova bra føre junior-NM. Under Midt-Norsk mesterskap i Hommelvik vart det to niandeplassar for Jo Svinsås, mens Vebjørn Trønsdal Bævre gjekk inn til 13. og 16. plass. Begge ungdommane går for Rindals-Troll.

Aldri har UKM-deltakinga frå Rindal vore så dårleg som i år. Det vil kulturkonsulent Morten Møller gjera noko med. Årets arrangement gjekk i Surnadal kulturhus for Halsa, Rindal og Surnadal. Berre to av dei 32 innslaga kom frå Rindal. – Vi må mobilisere meir og selge inn UKM for aktørane, sa Møller. Tidlegare år har Rindal stilt med mange kunstinnslag, men i år var det ingen.

Vedtaket i kommunen om å godkjenne nye hytteområder i Kårliåsen i Tørsetmarka hytteområde vart oppheva av Fylkesmannen. Det vedtaket kan ikkje påklagast. Dermed vart det sett foreløpig sluttstrek for vegstriden i Tørsetmarka – men striden fortsette og no fekk Fylkesmannen alle klagesakene og brukte god tid på behandlinga. Her i årsskriftet brukar vi ikkje meir spalteplass på denne destruktive nabokrangelen mellom grunneigarar, kommune og fylke, der det ikkje nyttar å få til eit konstruktivt samarbeid om å drive eit hyttefelt for framtida. No er de kun tredjepart det går ut over – dei som ønsker å bygge seg hytte i det flotte området i Tørsetmarka.

Samanslåing og nedlegging av skular var tema i mange nabokommunar. Rindal var gjennom denne prosessen på slutten av 1990-åra og da karakteriserte daverande ordførar Ola T. Heggem (til venstre under eit besøk i Kina i år) nedlegginga av Lomundsjø, Skogen og Bolme skular som sitt største politiske nederlag. No karakteriserte han avgjersla som klok og i ettertid blir skulesamanslåinga i Rindal betegna som ein stor suksess.