Rex sølv Almli (10)_1024x812

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - desember

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det desember og Gunnar Almli fekk Konges sølv:

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

Da seier vi takk til alle som har følgd årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten. Vi kjem attende neste år både i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag og på Trollheimsporten. Til slutt i år frå ein iskald desember:
Desember 2011
Rådmann Bjarne Nordlund etterlyste argument frå aksjonsgruppa mot skimuseum og ba dei begrunne kvifor dei ønska saka opp att i kommunestyret. Det fekk han: Ordførar John Ole Aspli varsla at han hadde sett opp skimuseet på saklista siste møtet før jul. Men omkampen førte ikkje fram. I kommunestyret vart verken underskriftslister eller anna motstand tatt hensyn til og med 13 mot 4 stemmer vart det vedtatt å fortsette med skimuseet. Føre kommunestyremøtet kom det støtte frå tre kvinner i Rindal: - Skimuseet blir flaggskipet til Rindal, meinte Bodil Korshamn, Eli Solvik og Gøril Bakken. – Det blir noko vi kan vera stolte av og vise fram, sa dei.

Etter 45 år i teneste i Posten Norge, 40 av dei i Rindal, fekk postbud Gunnar Almli Kongens fortjenstmedalje i sølv (over til venstre). Ordførar John Ole Aspli hadde av Fylkesmannen fått i oppdrag å overrekke Gunnar medaljen og diplomet som følgde med. Gunnar Almli fekk stillinga som landpostbud ved postkontoret på Rindalsskogen i 1970. Yrkeskarrieren starta i Oslo i 1965.

Vi er ekspertar på å vera ungdommar, sa Ida Andrine Heggset frå Surnadal, da ho orienterte i det felles formannskapsmøtet for Rindal, Halsa og Surnadal. Ho snakka om arbeidet ungdomspanelet (formannskapet i fylket) gjer – eit viktig arbeid meinte politikarane. Også Rindalshytter AS og industriområdet i Bjergen fekk også besøk av politikarane og rådmennene i det felles formannskapsmøtet. Det var Hege Gåsvand som viste alle rundt.

Og no hadde kulda lagt si klamme hand over distriktet. Det varte og rakk til langt ut i romjula før værskiftet kom. Rindalingane fyrte i ovnen og slo på straumen og heldt seg mykje innandørs.

Rindal fekk mykje pengar frå Den kulturelle spaserstokken. Noko av pengane bruka dei til å ta kulturen ut i grendene ofg alle grendahusa fekk besøk med kultur av ulik slag.

Morten Svinsås, IK Rindals-Troll, er vår einaste langrennsløpar på seniorsida, når ikkje Lars Hol Moholdt går langrenn og ikkje skiorientering. Tidleg i desember var det klart for sesongåpning i Meråker. Siste helga i januar skal Morten gå NM i Steinkjer, mens det store målet i vinter er Vasaloppet. – Eg håpar verkeleg Surnadal og Rindal får arrangere NM på ski snart. Det hadde garantert ført til betre rekruttering, og det er ein del rindalingar som kan vera aktuelle til eit seniormesterskap om ein 3-4 år, sa han. Det kan vera noko å arrangere NM når Surnadal IL feirar 100 år i 2013, samtidig som skimuseet åpnar. I Meråker vart det topplassering på Hallvard Løfald, Rindals-Troll, som var i ein klasse for seg i eldste juniorklasse. – Eg tykte det fungerte bra ettersom det var sesongens første renn, sa han etterpå.

Som vanleg sto frivilligsentralen attom nissedagen på Rindal bygdemuseum under frivillighetsdagen i desember (sjå bilde over av alle). Barnehageungar og førsteklassingar var på plass da nissane kom på besøk frå Tifjellet, Garbergsfjellet, Skåkleiva, Gråora og mange andre plassar i Rindal. Alle fekk levert ønskelistene sine, mens nissane åt graut på låven.

Det var spenning da prosjektleder Håkon Fredriksen hos Rindal NæringsSørvis presenterte prosjektet kul-tur-sti (under til høyre). Full realisering vil koste nærare 14,2 millionar kroner. – Ambisiøst, dyrt, spennande og sprekt, sa ordførar John Ole Aspli. Ei opparbeidd turløype på fem kilometer, ei rundløype frå Tjønna og sentrum til Sunna, Rinnvollen, Rinna bru og tilbake til sentrum, med mange spennande og utbygde stoppunkt, er utgangspunktet. – Over tid vil dette kunne realiserast, sa ordføraren og planene går ut på utbygging i fire fasar, der gangvegen frå Sunna til sentrum med bru over elva er første steg. Alt 15. desember kom saka opp første gong i kommunestyret, der det einstemmig vart vedtatt å fortsette prosjektet mot realisering.

Ein annan idrettsmann som førebudde sesongen var Lars Hol Moholdt. Han berre gledde seg til EM og VEM i skiorientering denne vinteren og håpa å kunne kjempe om medaljar i begge mesterskapa. – Det fysiske grunnlaget skal i alle fall vera i orden. Eg har aldri lagt eit betre grunnlag. Det handlar om å ta steg for steg, sa han. Lars slo gjennom sist vinter med ei pallplassering (3. plass) og fjerde- og femteplassar. Den første helga i februar er det EM på heimebane på Lillehammer og i slutten av mars er det VM i Sverige.

Inga Dalsegg (under til høgre saman med Mr. Raza Zakhi) stilte for første gong ut for eit amerikansk publikum tidleg i desember, da saman med fleire i kollektivutstillinga hos A. Jain Marunouche Gallery. Her stilte ho ut sine nye litografi og hadde tona ned nakenheten framfor det svært så moralske amerikanske publikumet. I mai dreg ho over til Manhattan igjen for å åpne separeatutstilling. Det blir eit høgdepunkt for rindalskunstnaren.

Det vart litt bråk da IK Rindals-Troll varsla at dei ville gjera alvor av å gå ut av fotballsamarbeidet i Rindal og seie opp avtalen med Rindal fotballklubb om samarbeid. Det 

førte til at Rindal FK såg seg nødt til å seie opp den likelydande avtalen med IL Rindøl. Dermed såg det ut til at fotballsamarbeidet i Rindal skulle sprekke. Men i eit ekstra styremøte 21. desember snudde IK Rindals-Troll. – Samarbeid er det beste for fotballen i Rindal, sa styreleiar Jostein Grytbakk i Rindals-Troll.

Ola T. Heggem vurderar lokalt come back. I midten av månaden var han klinkande klar på at han skulle attende til Rindal i yrkesaktiv alder og han kunne bekrefte at han var i dialog med nominasjonskomiteen i Rindal Sp føre lokalvalget. Han avviste ikkje at han kjem til å toppe lista.

Årets rindalsrenn var ei stund trua av kulda, men gjekk som planlagt tradisjonen tru Sotsøndag føre jul. Junioren og heimefavoritten Hallvard Løfald var kjappast blant karane og var overlegen. Det same var unge Berit Mogstad, Surnadal, kjappaste kvinne.

Kommunane Surnadal, Rindal og Halsa har starta førebuingane til Samhandlingsreformen, som blir innført få 2012. Det vil bli invitert til folkemøter på nyåret.

Det var som vanleg svært stemningsfullt da julekonserten vart arrangert i Rindal kirke, fredag kveld siste helga før jul – ei julestemning som kanskje varte heilt til jul. Kor Gøttj var arrangør i år. Dei let Blæst’n starte med Long Desember Night, før dei sjøl tok over. Vidare hadde Olav Morten Tørset ein fantastisk intro til Jan Magne Førdes Domen.

Mange trur jula er ei kristen høgtid. Det vil hedningane ha seg fråbedt. – Folk spør meg korleis eg som mer ateist kan feire jul. Men nordmenn har feire jul lenge før kristendommen kom til landet, sa Inga Dalsegg til Adresseavisen lille julaften 23. desember, mens ho pynta kjøkkenbordet med smånissar og halmbukk. Ho tilber ikkje dei norrøne gudane, men er svært bevisst på at det ikkje er Jesus sin fødselsdag ho feirar. – Tidspunktet, lysfesten, mattradisjonane, gaveutdelinga, juleøl og nissar har ingen ting med Jesus å gjere, understreka ho.

Fleie mindre og nokre større beslag av narkotika er gjort i distriktet i det siste og talet på nakotikasaker og tunge misbrukarar er aukande. Politioverbetjent Anders Magne Ormset er begymra etter at det vart gjort eit forholdsvis stort beslag av narkotiske tablettar og amfetamin i Halsa før jul.

Oppfinnsame kommunearbeidarar i Rindal sparte kommunen for meir enn tre millionar kroner under arbeidet med å skifte ut 5,5 kilometer eternittrør på hovudvassleidningen. Torsdag før jul troppa ordførar John Ole Aspli opp i arbeidsbrakka til kommunearbeidarane med kaffe og kake for å feire at jobben var gjort. Det var kommunearbeidarane sjøl som kom på tanken at eit 6-tommars plastrør var nok til å forsyne dei abonnentane som ligg ved ledningsnettet. Demed kunne det kanskje vera muleg å tre det nye plastrøret inn i det gamle og grovare eternittrøret og dermed unngå å grave opp heile rørgata. Som sagt så gjort – 3 millionar spart!

Coop Orkla Møre har søkt om støtte frå ein nasjonal nærbutikkpott til utvikling av Coop Nybø i Rindal, blant anna. Dei ønsker å byte ut ein kjøledisk og ein utdatert panteautomat.

Når dei store oljefelta går tome, blir det vanskelegare å finne nye. Rindalingen Lars Ole Løseth forskar for å lage meir effektive leitemodellar. – Vi arbeider med avbilding av undergrunnen. Poenget er å avdekkje kvar det fins olje og gass, sa han i eit forskarportrett i Adresseavisen. Tradisjonelt foregår dette med seismikk (lydbølger). – Ved å bruke elektromagnetiske bølger får vi litt andre svar, sa han. Lars Ole Løseth er utdanna sivilingeniør i fysikk frå NTNI i 2000. Han har jobba med elektromagnetisk oljeleiting og er doktor ingeniør frå 2007 og sidan da forskar i Statoil. Han er født i Rindal og er sambuar (Marte Landsem) og dei har eit barn.

Kommunen har innvilga 35 nye snøskuterløyver i år. Det plasserar Rindal på topp i talet på skuterløyver her i landet. Også det lokale salget av ATV-kjøretøy aukar kraftig. – Auken skuldast i stor grad pågang frå eit stadig aukande antal hytteeigarar i kommunen, sa rådmann Bjarne Nordlund. Løyvene er gitt med begrensa antal turar som ligg 2,5 km eller meir frå brøyta veg. Hyttefolket vil transportere ved, varer og utstyr til hyttene sine også i vinterhalvåret.

Vinnarane av Rindalsrennet, Hallvard Løfald, Rindals-Troll og Berit Mogstad, Surnadal. Gjekk godt under julerennet i Meldal 3. juledag. Begge var fornøgd med andreplassar i sine klassar. Jo Svinsås, Rindals-Troll, tok klasseseier.

Rovviltskadene var store i Møre og Romsdal og Surnadal var ramma hardast i 2010. Der fekk 18 gardbrukarar tilsaman 1,24 millionar kroner i erstatning for 504 sau og lam tatt av jerv (484), gaupe (22) og kongeørn (2). I Rindal var det fire gardbrukarar som søkte om 42 tapte sau og lam. Dei fekk tilsaman vel 83 000 kroner og berre gaupa tok alle her i følge fylkesmannen.

Trollheimsporten var igjen i fokus på slutten av året, der avisa Sør-Trøndelag hadde ein stor reportasje. – Målet er nådd, heile Rindal er på nett, sa redaktør Willy Karlsatrøm. Med over 20 000 unike brukarar i månaden og 132 medlemmer meinte han heile rindalssamfunnet er på nett og at Porten har blitt det viktigaste ansiktet utad for Rindal – og måla framover er ikkje mindre hårete. – Trollheimsporten skal bli den viktigaste informasjonskanalen for alle kommunar rundt Trollheimen, sa han.