Vårsøg Hotell Open dag 6_350x244

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - november

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi november, der mellom anna nyopninga av Vårsøg Hotell var ei av dei sentrale hendingane.

NOVEMBER

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Ingebrigt Gjerstad (bilde nr. 1) ga seg som trenar for Surnadal sitt A-lag i fotball. - Dette er ein enten-eller-jobb. Enten er du med 100 prosent, eller så er du ikkje med, sa Gjerstad som ei forklaring på kvifor han ikkje ønskjer å fortsetje som trenar for tredjedivisjonsklubben.

1.november åpna det nye Vårsøg Hotell på Skei i Surnadal dørene. – Det har gått veldig bra til no, kunne direktør Bergsvein Brøske fortelje ein knapp månad seinare, da det var klart at omsetningen på hotellet i november låg trett oppunder to millionar kroner. Ombygginga har kosta rundt 80 millionar kroner, og nyåpninga vart markert både med open dag (bilde nr. 2) og stor festforestilling.

Handballgruppa i Surnadal IL fekk eigen klubbsong, laga av medlemmer i Batteri. Laurdag 27.november var både bandet og koristar frå handballgruppa i idrettshallen for å framføre melodien.

Begge konsertane var utselt mange månader i førevegen, da Hans Rotmo gjesta Surnadal Kulturhus med si ”Vårres jul”-forestilling. Henning Sommerro var ein av musikarane i orkesteret.

Surnadal er på topp når det gjeld omdømme på Nordmøre. Det viste ei undersøking som Sentio Research gjennomførte for kommunane i ORKide, og som ordførar Mons Otnes kunne leggje fram for formannskapet i Surnadal i midten av november. - Vi skårar høgt når det gjeld frivillighet og attraktive arbeidsplassar. Dette var ei artig tilbakemelding, sa ein godt fornøgd ordførar.

Vårsøg Hotell satsar stort på eit ungdomsdiskotek med 18-årsgrense. 300.000 kroner skal lyd- og lysanlegget i diskoteket ”Råkk” koste, og sjølv om rådmannen innstilte på avslag, sa formannskapet i Surnadal med fem mot to stemmer ja til å støtte hotellet med 150.000 kroner. - Dette er eit altfor dyrt lyd- og lysanlegg, men eg har passert målgruppa og bøyer meg for dette. No har vi sjansen til å få ein plass som uorganisert ungdom kan bruke, sa Stig Sæther (H) og fekk i vedtaket med ei oppmoding og forutsetjing om å arrangere rusfrie sammenkomstar for dei under 18 år.

Bøfjorden skule feira 40-årsjubileet sitt 13. november. Alle dei tre rektorane som har vore på nyskolen var til stades: Ruth Bjerkan Sætherø (40 år ved Bøfjorden skule), Bernt Bøe og dagens rektor Anne Marie Brun.

Svarrabærje Teaterlag sin bygdarevy ”18 centi” vart vist for fire stappfulle salar i Surnadal Kulturhus. ”Det er fantastisk kva revygjengen har fått til. Dei viser det og på scena med speleglede, overraskingar og ikkje minst nye revytalent”, var Trollheimsporten sin dom. Bilde nr. 3 viser tre av revyaktørane: Johnse Sættem (t.v.), Maren Larsen og Kåre Korsnes.

Hilde Moe vart tilsett som dagleg leiar i Amfi Kreativ.

5. november var det 30 års jubileumsfest på Bæverfjord skule. Der var det stor servering, underhaldning ved skoleborna og Åsskardkoret. Anders Nordmann som har vore lerar der i 40 år fortalde fra både Sjøheim og Bæverford skule si historie, og Bernt Bøe viste bilder og fortalde om skulehistoria i bygda.