rock8_350x233

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - mars

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi mars, der Batteri sin CD-debut var ei av hendingane.

MARS

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Surnadalingen Nina Kolltveit Sæter vart valt som ny nestleiar i styret i Tine Midt-Norge.

Knappe to år etter andreplassen i Melodi Grand Prix junior, platedebuterer surnadalbandet Batteri. Bandet - som består av Brage Kristian Einum (t.v. på det øvste bildet), Stein Boge, Hans Olav Settem, Sondre Skogseth og Oddbjørn Sponås - gjekk heilt til topps på Trøndertoppen og fekk også solid plassering på VG-lista for CD-en som er produsert av ein annan surnadaling, Jostein Ansnes.

Trollheimsporten styrka satsinga i Surnadal ved å inngå samarbeidsavtale med Amfi Kreativ om redaktørtjenester. Tonje Mogstad Høivik (25) vart gjennom jobben i tekstavdelinga i Amfi Kreativ også ny medredaktør i Trollheimsporten. Trollheimsporten leiger no ei 50 prosent webredaktørstilling hos Amfi Kreativ for å styrke satsinga på å profilere regionen, med fokus på positive nyheiter. I april var også Bjørn Tore Brøske på plass som Amfi Kreativ-tilsett med ansvar for Trollheimsporten si Surnadal-avdeling.

Slektningar, bygdefolk og inviterte gjestar møtte opp til stort gebursdagslag i gymsalen på skulen da Bøfjorden barnehage feira tiårsjubileum 18. mars. Gebursdagen vart feira saman med den årlege solfesten, og saman med skulebarna hadde barnehagen ein times underhaldning med song og dans.

Som bilde nr. 2 viser: Paljettar, platåsko og pop var hovudingrediensane da 90 lokale aktørar drog i gang ABBA-cabareten ”cABBAret” for fulle salar på Surnadal Kulturhus.

Kommunestyret i Surnadal vedtok endeleg plassering av det nye dagsenteret i samband med rivinga av det gamle dagheimbygget når nye Øye barnehage står ferdig. Den nye plasseringa av dagsenteret vil vere eit området ved Sommerro, kunne Trollheimsporten melde.

25. mars vart det avslørt at Torstein Snekvik frå Kvanne var blant dei utvalde til finalen i Melodi Grand Prix jr. På det nedste bildet ser du tiåringen saman med kompisane Erik Andersen og Lars Kvande rett etter avsløringa. Det var endå meir MGPjr-jubel for Torstein seinare på året…