Famntak 2_350x231

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - desember

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi no er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi desember, der ei av hendingane var Famntak sitt vellukka comeback med to utselde konsertar i Storstuå i Surnadal Kulturhus.

DESEMBER

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Bilde nr. 1: Boka "Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka" vart presentert. Det er Stangvik Historielag som står som utgjevar, og forfattarane er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Boka er ei vandring gjennom eit gammalt kulturlandskap som opp gjennom tidene har blitt bruka både til setring, markaslått, ymse næringsverksemd, jakt, rekreasjon og mykje anna aktivitet.

TrondheimSolistene - der surnadalingen Anders Larsen er ein av musikarane og broren Steinar er dagleg leiar - får stadig meir internasjonal anerkjenning. Strykeensemblet stakk i desember av med to nominasjonar til Grammy, "musikkens Oscar". Dette er andre gong TrondheimSolistene blir nominert til den amerikanske prisen. - Grammy blir rekna som verdas viktigaste musikkpris, så dette er heilt fantastisk for oss, seier Steinar Larsen til Trollheimsporten. TrondheimSolistene er nominert både i klassen for Best Surround Sound Album og Best Small Ensemble Performance. Begge nominasjonane gjeld for albumet «In Folk Style». Prisen vil bli delt ut 13. februar i Los Angeles.

Bilde nr. 2: Surnadaling og hotelldirektør Bergsvein Brøske fekk under nominasjonsmøtet i desember femteplassen på Møre og Romsdal Senterparti si liste til fylkestingsvalet 2011.

Surnadal kommune vart med i styringsgruppa for prosjekt fylkesveg 65, som Rindal har teke initiativet til. Ordfører Mons Otnes vart medlem i styringsgruppa frå Surnadal, og kommunestyret løyvde 9. desember 50.000 kroner til prosjektet.

Bilde nr. 3: Det er nærast umuleg å forstå at medlemmene i Famntak ikkje hadde spela saman på fire år før dei møttest til konsert i Surnadal Kulturhus laurdag 11. desember. Storarta musikk kombinert med god humør og publikumsinvolvering, sørga for kjempestemning og trampeklapp for dei fire surnadalingane i bandet. Jostein Ansnes antyda at det kan bli meir å høyre frå Famntak i framtida. "Vi sjåast vel igjen?", spurte gitaristen frå scenenkanten da den første av dei to konsertane i Storstuå laurdag nærma seg slutten. Responsen under heile konserten tala i alle fall sitt tydelege språk om at publikum meir enn gjerne vil ha fleire gjenhøyr med Jostein Ansnes, vokalist Tone Søyset Døving, fiolinist Anders Larsen og pianist Trygve Brøske.

Da ”gammelbanken” på Skei vart kjøpt for 17 millionar kroner, meinte politikarane dei fekk høyre at det skulle koste 2,5 millionar kroner å setje den i stand til ny bruk. Pengane er brukt til å setje i stand 2. etasje til interkommunal barnevernstjeneste. I desember vart dei lokale folkevalde bedne om å løyve ytterlegare tre millionar kroner til utbetringar i første etasje. Dette meinte fleire politikarar var i drygaste laget, men etter fleire kritiske innlegg stemte kommunestyret likevel for å løyve pengane.

”Surnadal skal gjere seg lekker for nederlendarane” var Trollheimsporten sin tittel på nyheita om at ein surnadalsk delegasjon med mellom andre ordførar Mons Otnes og næringskonsulent Harald Bredesen, i januar skal delta på ei skandinavisk messe i den nederlandske byen Amersfoort & Hoevelaken. Målet er å få presentert Surnadal på ein så fordelaktig måte at nederlendarar vil flytte til kommunen. Folketalet i Surnadal går ned, og eitt av tiltaka for å snu trenden, er eit toårig prosjekt for å få 40-50 nederlendarar til å busetje seg i kommunen.

Surnadal formannskap gikk einstemmig inn for at plasseringa av gamle Øye skule ved Surnadal museum på Åsen, skal skje ved vegkrysset nedanfor bygdetunet mot Østbødalen. Skulen skal plasserast på ein liten kolle, skjerma av nokre toller med ein opparbeidd skuleplass i tilknyting til bygget. Huset skal stillast opp slik at det naturleg glir inn i omgivnadane rundt. Grunnarbeidet på tomta kan gjerast av entreprenør, under føresetnad av at kostnadane ikkje må overstige 76.000 kroner. Desse kostnadane kjem i tillegg til kostnaden på 466.500 kroner for oppsetting av skulen. I mai i år vedtok kommunestyret at gamle Øye skule skulle settast opp, med frivillig dugnadshjelp. "Gammelskulen" skal primært brukast som museum, og eventuell ekstra plass kan nyttast til temautstillingar og liknande.

Bilde nr. 4: Laurdag 18. desember hadde Surnadal Alpinsenter opningsdag for sesongen. Veret, føret og folket gjorde at det vart ein suksess. Heisen køyrde i gang til ordinær helgestart klokka 11.00, medan alpinsenteret opna to timar tidlegare for sal av sesongkort. Driftsleiar Ola Ranes og bakkemannskapet hadde da allereie vore på jobb i mange timar.

Bilde nr. 5: 20.desember vart IdrettsVekst AS stifta som eige selskap. Med i styret er (frå venstre på bildet) Øyvind Vaagland Reiten, styreleiar Terje Polden, Tor Helge Aas, Håvard Sagli, Svein Dalen og Sara Brauten samt Lars Inge Kvande som var forhindra frå å delta på stiftelsesmøtet. Selskapet IdrettsVekst AS skal gå inn og samarbeide mellom idrett, kultur og næring for å etablere fleire større arrangement på indre Nordmøre. Samtidig er det ei målsetjing å profesjonalisere mange av arrangementa. IdrettsVekst AS har som mål å «selje inn» fem til sju store årlege arrangement, og skal mellom anna prøve å fylle overnattingskapasiteten i lokalområdet. Langrenn, sykkel, fotball og motorsport er aktuelle satsingsområde, men også golf, gokart og bueskyting har ein arena på indre Nordmøre.

Desember vart ein kald månad i Surnadal, med tolv dagar med middeltemperatur under ti minusgradar. Statistikken viser at lågaste temperatur for Tågdalen målestasjon var -19,8 grader, målt første juledag.