vårsøg hotell låg bru_350x263

Nyheitskavalkade Surnadal 2010 - august

Trollheimsporten sin kavalkade gir deg både små og store hendingar frå Surnadal i året vi snart er ferdige med. For Rindal vil ein eigen nyheitskavalkade også kome kvar dag. Begge kavalkadane presenterer bilder og nyheiter, og skal du få med deg alt kjem nyheitene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag presenterer vi august, der Trollheimsporten mellom anna kunne avsløre at den nye gangbrua mellom Vårsøg hotell og kulturhuset var 18 centimeter for låg.

AUGUST

Under På Porten på Hovedsida finner du kavalkadene både fra Surnadal og Rindal etter kvart som dei kjem. Klikk på Kavalkade og sjå alle månadene!

Bilde nr. 1: - Det har regna litt innimellom, og i går var det pøsregn. Men vi har sol i hjartet, sa ein blid surnadalsordfører på telefon til Trollheimsporten. Saman med kone og born hadde Mons Otnes ei ordførarfri og spanande veke under Landsskyttarstemnet i Elverum. – Veldig artig at så mange surnadalingar og nordmøringar er med i år. Og på eit så høgt nivå! Knallbra, konkluderte ordføraren, som også vart den første til å informere om at juniorlaget til Nordmør vann lagskytinga. Surnadaling Ola Mogstad Strand var med og sanka dei 399 vinnerpoenga - eitt poeng føre konkurrentane Namdal og Norfjord. Heile fire skyttarlag frå Surnadal var med i år, høvesvis frå Hjelmen, Bæverdalen, Øvre Surnadal og Surnadal. Ordføraren sjølv var også vært i aksjon under årets stevne. Han var ”slik middels” fornøgd med eigen innsats. – Eg fekk 236 poeng på baneskyting, som jeg tykkjer er OK. På feltskyting fikk eg derimot 23 treff, og det er eg IKKJE fornøyd med, lo han. Det betydde nemleg at Halsa-ordførar Ola Rognskog med sine 24 treff vann konjakkflaska dei vedda om.

Bilde nr. 2: Kristin Krohn Devold frå Den Norske Turistforening sto for den offisielle opninga av Norsk Vandrefestival ved Nauståfossen.Vandrefestival gikk av stabelen for første gong fra 10. til 15. august i år. Festivalen er eit samarbeid mellom næringsliv og frivillige lag og organisasjonar i Rindal, Surnadal og Halsa. Den har ikkje som mål å vere ein årleg "happening" og eit vekesarrangement kvart år, men vil leggje til rette for gode reiselivsprodukt med basis i natur og kultur som er tilgjengelege året rundt. Av hovudmåla og de ønska året rundt-effektane til festivalen, finn ein profilering av Nordmøre som distrikt, vandredestinasjon og busetjingsalternativ. Årets festival hadde eit stort utval av aktivitetar, mellom anna stortur i Fjordruta, moteoppvising i Svinvik arboret, konsert med Aasmund Nordstoga på Otnesbrygga, familiedag på Tjønna i Rindal, villmarkskveld med naturfotograf Arne Nævra og geitbåtsegling på Otnes.

Surnadalingen Felix Hoem gikk inn til en sterk 3. plass i Word Cup på rulleski under toppidrettsveka. Han var også med på teamsprinten, og kom da inn på en 5. plass saman med Lars Olav Aunli. Etter å ha gått inn til 4. plass i prologen, vann Felix B-finalen og sikra seg med det ein fantastisk flott bronsemedalje.

Bilde nr. 3: Fotball-legende Phil Neal og bokdebutant Ragnhild Lund Ansnes sørga for ein minnerik fotballfest da dei besøkte Surnadal 18. august i samband med lanseringa av Ansnes si bok "Liverpoolhjerter". Phil Neal er tidlegare Liverpool-stjerne og ein av de verkeleg store heltene på 70- og 80-talet. Han var mellom anna med å vinne åtte ligameisterkampar, spela 50 landskampar og er den nest mestvinnande spelar i engelsk fotball gjennom tidene. Det vart med andre ord ein stor dag for Liverpool-fans og andre fotballinteresserte i Surnadal, der både fotballkamp, boksignering og festmiddag sto på programmet.

Bilde nr. 4: Trollheimsporten kunne 30. august som første nyheitskanal avsløre at den nye gangbrua som bind saman Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus, er for låg i forhold til det Statens Vegvesen har sett som minstehøgde. - Passasjen "Vengespennet" vart lågare enn planlagt, stadfesta hotelldirektør Bergsvein Brøske. Han meinte dette likevel ikkje ville få store konsekvensar verken for ferdigstillinga av gangbrua eller trafikkavviklinga på Skei. Gangbrua som går over Miljøgata på Skei og bind saman hotellet og kulturhuset, kom på plass tidlegare i sommar og inngår i den omfattande ombygginga av Vårsøg Hotell. Men det viste seg at brua går 18 centimeter lågare enn minstekrava vegvesenet hadde sett for dette prosjektet. - Men eg understrekar at passasjen går høgare enn dei generelle minstemåla som gjeld for lovleg ferdsel, sa Brøske. Etter møte mellom hotellet, byggherren, kommune og Statens Vegvesen, vart løysinga skilting om bruhøgda, og trafikken vil når det er naudsynt bli ført om Svartvassvegen som går like ved.

Trøndaren Gisle Bakkeli vart tilsett som ny dagleg leiar for Profero. Utviklingsselskapet hadde i ein lang periode vore uten permanent leiing på plass etter at tidlegare daglig leiar Margrete Seter gikk bort. Prosessen med å rekruttere ny dagleg leiar ble ytterlegare forseinka på grunn av arbeidet med å fusjonere med eit anna utviklingsselskap tidlegare i år. Etter at desse planene vart lagt på is, knytta det seg stor spenning til kven som skulle leie Profero vidare. Bøfjordhelga 2010 var arrangert siste helga i august, med salsmesse fredag, sandvolleyball, stand, matsalg, basar og underhaldning blant postane på programmet.