Lars Ove Løseth, Lorentz Sæter og Bergsvein Brøske 1 1500

Nye oppgraderingar i Alti Surnadal: Cubus og Eurosko utvidar

Alti Surnadal er allereie godt i gang med store oppgraderingar, sist med opning av ARK torsdag. No avslører Alti-sjef Lars Ove Løseth og eigedomssjef Bergsvein Brøske dei vidare planane for senteret.

Ingressfoto: Lars Ove Løseth, Lorentz Sæter og Bergsvein Brøske ser konturane av eit meir moderne Alti Surnadal, og skal over sommaren i gang med oppgradering av ytterlegare tre butikkar.
 

I slutten av januar annonserte Løseth, Brøske og senterleiar Lorentz Sæter konkrete planar om oppgradering og modernisering av Alti Surnadal. Sidan den gongen har mykje skjedd.

Det siste halve året har mellom anna Johansen Conditori utvida, Princess og Øverlie flytta, og ARK Surnadal opna. I tillegg har det vorte gjort solide oppgraderingar, og flytting av hovudhandlegata i senteret.

Likevel er det ein del som står att før ombygginga er ferdig, og Løseth og Brøske har spennande nyheiter på lager. Over sommaren startar nemleg ei justering og oppgradering av ytterlegare tre butikkar.

Den kanskje største nyheita gjeld Cubus.

– Cubus blir nesten dobbelt så stor som den er i dag, og får ei totaloppgradering til det nyaste Cubus-konseptet. Heile butikken blir splitter ny, seier Lars Ove Løseth.

Inngangen vert flytta fram til den nye handlegata, som går frå Hårsenteret og til lokala The LOOX 17. september overtek etter Ringo.

Eigedomssjef Bergsvein Brøske har tru på den nye Cubus-utgåva, som får inngang rett overfor ARK.

– Ein litt artig detalj er at midt i butikken, der den gamle handlegata gjekk, får ein overlys, og dermed ein spire med dagslys gjennom heile breidda av lokalet, seier han, og legg til:

– Heile den delen av senteret, bakkanten, som ligg opp mot Oppistua, vert heilt fornya.


Har forlenga leigekontraktene

For Cubus er ikkje åleine om å utvide. Også Eurosko får nye og større lokale.

– Eurosko utvidar lokalet med noko av fellesarealet dei no har framfor seg, så det blir ei utviding på om lag 50-60 kvadratmeter, seier Lars Ove Løseth.

Han fortel at også denne butikken skal gjennom ei full oppgradering.

– Det blir ein ny og flott butikk, der inngangen kjem til å ligge slik at ein får den midt imot når ein kjem inn i senteret utanfrå, seier han.

I og med at det vert ny handlegate i senteret, skal og Kitch’n justerast.

– Kitch’n vert bygd om, oppgradert og justert, slik at dei kjem like langt fram som Princess ligg no, seier Løseth.

Han fortel at i samband med oppgraderingane, er også leigekontraktene med dei tre butikkane forlenga.

Lars Ove Løseth og Bergsvein Brøske 2.7.20. 690.jpg
Lars Ove Løseth (t.v.) og Bergsvein Brøske.


Stor auke for Johansen Conditori

Opningsdatoane for dei oppgraderte versjonane av Cubus, Eurosko og Kitch’n, er ikkje klare per i dag.

– Det er ein del arbeid som skal til, så noko blir klart utpå hausten og det siste truleg over jul, seier Løseth.

– Ja, og i kjøpesenterverda er det jo slik at det er borgfred frå 15. november og framover til og med julehandelen – då må ein ha fokus på å drive butikk, supplerer Brøske.

Både Løseth, Brøske og senterleiar Sæter, tykte det var stor stas å kunne opne ARK-butikk i senteret denne veka.

– Samtidig har vi jo jaga på for å ha endå meir nytt å fortelje, smiler Løseth.

Han fortel at Johansen Conditori har opplevd ei stor auke i besøk og omsetning etter nyopninga.

– Det har vore utruleg bra besøk, så det er stas, seier Alti-sjefen.

– Vi ser at det nye uttrykket har vorte positivt motteke. Det er fornya slik at ein både kan trekkje seg tilbake og vere nære det pulserande livet med folk som går forbi, seier Brøske.

 

Takkar kundane

Han rettar ei stor takk til kundane, som brukar senteret mykje under ombyggingsperioden.

– Ja, handelen har vore bra, seier Løseth.

Brøske føyer til:

– Det har og vore veldig få negative tilbakemeldingar på at det er litt bråk og leven rundt oss. Det er kundane vi lever både for og av, og det er kjempeviktig at dei er her undervegs. Så langt går det veldig bra, sjølv om det er litt lyd og vesen enkelte dagar.

Dei to tykkjer det er artig å sjå konturane av eit meir moderne Alti Surnadal.

– Det er utruleg artig når ein no ser korleis det kjem til å bli. Det ser heilskapleg ut, seier Brøske, og får støtte frå Løseth:

– Ja, det har vorte bra allereie, og endå betre skal det bli.

Han avviser ikkje at dei kjem med fleire nyheiter den komande tida.

– Nei, ein skal ikkje sjå bort frå at vi finn på noko meir etter kvart, smiler han.