Rindalsskogen

Går frå Nordkapp til Kristiansand:

Noreg på langs med Jan

Svaksynte Jan Henningesen skal gå frå Nordkapp til Kristiansand. Med 20 kg oppakning og nesten 300 mil å gå, kan det seiast å væra ein svært avansert spasertur mekanikeren har lagt ut på. Trollheimsporten møtte Jan og turfølge på etappen, Lena Nilsen, då dei hadde ein matpause på Nybø på Rindalsskogen.

Svaksynte Jan Henningsen, til dagleg mekaniker på Hennig Olsen isfabrikk i Kr.sand og opprinneleg frå Danmark, har lenge båre på ein draum om å gå Noreg på langs før synet sviktar heilt. No er han i ferd med å realisera draumen! På tre månader skal han forsera Noreg på langs, heilt frå Nordkapp og heim til Kristiansand, ei strekning på langt borti 300 mil. - Ein får bruka sansane på ein annan måte når ein går slik framfor å køyra bil. Opplevinga blir sterkare då, seier han på spørsmål om kvifor han vel å gå så langt. - Eg har vore på mange fine plassar og har fått smaka på mykje lokal mat, og i går var eg innom Fannrem gård og smaka på lokale spesialiteter, fortset han.

Vel 250 mil - 16 etappar

Turen er oppdelt i fleire etappar, og Jan har med seg turfølgje på kvar etappe.- Ti personar er med på turen, og dei bytar på å gå ilag med med meg heilt fram til Kristiansand, seier han. Turen er oppdelt i 16 etappar og somme av turkameratane skal gå fleire etappar. Lena Nilsen skulle væra med som turfølgje frå Trondheim til Valldal, noko som er to etappar. Etappane er på omlag 3 mil kvar dag i ei veke og det er kollegaer av Jan som er med som turkamerater. Jan seier det var nokre av turkameratane som tykte det var lange etappar, men at det hadde gått greit så langt. 

Våt start

-Det var ein våt fornøyelse å gå dei tre første vekene. På oppstarten hølja det ned og tempraturen var på tre grader i Finnmark, seier Jan og fortset; - Eg var forberedt på at det skulle bli dagar med regn, men å gå i regntøy kvar dag i tre veker, var ikkje optimalt, seier han medan han gliser breitt. - Men det gjekk det òg!

Sponsorar

I tillegg til at Hennig Olsen er med og sponsar turen, held Helsport og Patagonia han med utstyr på turen.

Samlar inn pengar til blindeforbundet

Jan fortel at han håpar å samla inn 250.000 kr til blindeforbundet gjennom ein konkurranse dei har gåande på Hennig Olsen i samband med turen. - Eg set stor pris på folka eg møter på turen, og det er berre å slengje seg med å gå ilag med oss når vi kjem forbi, oppmodar han før dei to slengjer sekkane på ryggen og vender nasen mot Surnadal.

Følg Jan på Facebook.

Turen kan følgjast på Facebook. Der er det moglg å følgja dei to på GPS, slik at ein kan finna ut nøyaktig kor dei er! Dei er glade for at folk oppsøkjer dei! Klikk her for å gå til facebooksida til Jan.

Trollheimsporten ønskjer lukke til på ferda vidare gjennom Noreg!

(Foto: Lena Nilsen, John J. Storholt og Trollheimsporten)

På grensa.jpg
Jan Henningsen og Lena Nilsen ved grensa på Rindalsskogen


På tur.jpg
Ut på tur, aldri sur!

 

rast3.JPG
Mat må ein ha! Ein pause ved Nybø på Rindalskogen.