Neighbours_350x495

Arkivdykk frå Surnadal - send oss bilder!

Neighbours - lokal rock frå tidleg 80-tal

Trollheimsporten sine fotografiske arkivdykk er svært populære blant våre lesarar. Hittil har det vore flest bilder frå Rindal som har blitt presentert, men vi ønskjer også fleire bidrag frå våre lesarar i Surnadal. Trollheimsporten sin medredaktør Bjørn Tore Brøske presenterer her bandet Neighbours frå Bøfjorden/Surnadal, som han var bassist i og som spela til dans i Møre og Romsdal og Trøndelag-fylka tidleg på 1980-talet.

Neighbours besto av Bjørn Tore Brøske (bass, t.v. på bildet), Ole Magne Ansnes (gitar, sang), Eyvind Sæthervik (trommer), Lars Fiske (keyboards), Monica Breen (sang) og Inge Dønheim (gitar, sang), og vart starta rundt 1982 på restane av orkesteret Styrbord.

Ronald Aasgård var første bassisten i Neigbours, men slutta ganske tidleg. Per Olav Ranes overtok som trommeslagar i 1983-84.

Neighbours hadde songar av Deep Purple, Box Tops, Little Feat, Eric Clapton, Åge Aleksandersen, Rolling Stones m.m. på repertoaret samt ein del sjølvlaga, men bandet ga seg i 1984. Medlemmane gjorde seg seinare bemerka i andre band og musikalske samanhengar, men det kan bli ei anna historie her på Trollheimsporten...

Har du bilder du vil dele med Trollheimsporten sine lesarar, er det berre å sende dei til redaktor@trollheimsporten.no eller bjorntore@trollheimsporten.no

Den som vil sjå fleire bilder, plakatar o.l. frå musikklivet på Nordmøre, kan også gå inn på nettsida plekterfesten.no