Willy Karlstrøm TP-redaktør_690x476

Minneord

Tidlegare redaktør i Trollheimsporten Willy Karlstrøm døde for ei veke sidan. Medarbeidarane i Trollheimsporten sett pris på innsatsen hans for nettportalen vår med desse minneorda.

 

Minneord om Willy Karlstrøm

Willy Karlstrøm døde for ei veke sidan. Han var redaktør i Trollheimsporten sidan februar 2009, da han tok over etter Gunnar Bureid som leda starten av Trollheimsporten.

Trollheimsporten opptok Willy heilt og fullt. Det veit vi som besøkte han på kjøkenet heime på Solum før Trollheimsporten fekk eige kontor! Willy gav alt for Trollheimsporten.

Willy var eit skrivande menneske.

Han har arbeidd som journalist i Driva, Sør-Trøndelag, og som redaktør i Søvesten og Oppdalingen før han kom til Trollheimsporten og var veldig godt kjent i distriktet.

1995 – 1997 var han koordinator og forfattar av Gards- og ættesoge for Rindal. Han har gjeve ut og redigert 12-13 bøker og hefter. Det aller meste med lokalhistorisk innhald. I tillegg har han redigert Rindal Heimbygdlags Årsskrift i omlag 30 år.

Idrett var også ein viktig del av livet til Willy. Han var både spelar, trenar og styremedlem i Sportsklubben Troll og IK Rindals-Troll, og han var trufast Leeds-supporter.

 

Det er heilt i tråd med interessene til Willy når familien i dødsannonsa oppfordrar oss til å gje ein minnegave til Rindal Fotball IL avd. Fotball konto nr. 4111.06.00958.

 

I arkivet til Trollheimsporten er det mange verdifulle spor etter Willy og den tida han leda skuta. Det var da Trollheimsporten vart stor. Vi vil ta vare på denne delen av arven etter Willy Karlstrøm.

Mor Dagny har nok aldri sett så mykje fotball på fjernsyn som i dei siste tida i lag med Willy på helsetunet. Berre ei mor kan ha slik tolmod og omsorg som den Dagny viste for sonen sin denne tida.

Heile familien er no i sorg, men dei har mange gode minne om Willy både frå det aktive livet og frå den siste tida. Vi føler med dykk og vil minnast Willy i lag med dykk.

 

For medarbeidarane i Trollheimsporten
Ole Trygve Foseide