ANNONSE, LEDIG STILLING:

Miljøvernrådgjevar/naturforvaltar - vikariat i 100 % stilling

Vi har ledig vikariat som miljøvernrådgjevar/naturforvaltar. Stillinga er ledig frå 05.09.22 og i eit år. Vikariatet kan bli forlenga.

Søknadsfrist: 21.08.2022

Miljøvernrådgjevaren høyrer til under avdelinga Areal- og naturforvaltning.

Avdelinga har kontor på kommunehuset på Skei og har 9 tilsette med ansvar for plan- og byggesaker, landsbruksforvaltning og matrikkelforvaltning.

Arbeidsoppgåver:

Miljøvernrådgjevaren har ein viktig rolle i å bidra til at arealforvaltninga i Surnadal blir gjort på ein bærekraftig måte. Kommunen har store naturområde og flotte vassdrag som vi forvaltar i samarbeid med grunneigarar og statsforvaltninga.

Til stillinga ligg det arbeidsoppgåver innan fleire viktige tema, som til dømes informasjonsarbeid knytt til klima- og miljøfeltet, vassdragsforvaltning, energi- og klimaplan og naturmangfoldvurderingar i landbruk-, plan- og byggesaker.

Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig relevant høgare utdanning. Jobben inneber saksbehandling, prosejktleeing og rådgivning.

Vi ser difor etter deg som har evne til å sette deg inn i store mengder informasjon og er flink til å kommunisere både skriftleg og muntleg.

Du bør ha førarkort kl.B.

Vi kan tilby deg eit godt fagmiljø og du får arbeide med ei rekkje interessante fagfelt.

Du får arbeide tett på komplekse problemstillingar og bidra til å påverke utviklinga i kommunen.

Vi har eit godt fagleg samarbeid med nabokommunane våre.

Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.

Powered by Labrador CMS