Todalsfuru

Todalen.no løyste saka

Masta til Saga Siglar

Da har vi (todalen.no) fått hjelp av Øystein Moe til å løyse Trollheimsporten/Edgar Kattem si utfordring frå i går, om kva det var som vart produsert på bildet frå Ansnes Saga. Øystein fortel i ein epost i dag at bildet under viser Nils Olav Talgøy frå Meisingset som gjer den siste finpussen på den 13 meter lange furumasta som Ragnar Torset hadde bestilt til Saga Siglar.

Sporet som vi ser i masta skulle gje plass til en kabel. Øystein meinte dette kunne være rundt 1982, noko som sikkert stemmer, då Thorset la ut på verdsomseglinga med Saga Siglar i 1984 (til 1986). Masta vart frakta til Stavanger med lastebil, av Øystein naturleg vis. Her kan du lese saka på todalen.no.

Ellers forlisate Saga Siglar og Edgar vil kome attende til meir om denne historia seinare - så følg med!