Mbj b Tølløv skyt Skuleteater Bøfjorden (1)

Mannbjønnen og Dragsetvisa

Etter å ha lest den fascinerande historia om "Mannbjørnen på Møre" hos NRK vart vi nysgjerrige på den nemnde Dragsetvisa, som blir nemnt fleire gonger i artikkelen, og som blir rekna som eit av bevisa på at historia om Mannbjørnen er sann. Dette kan Bernt Bøe fortelle meir om.

– Mannbjønnen har vore ein lokal "godbit" i mange år, men no har han vorte rikskjendis, takka vere Eirik Haukenes sitt fenomenale arbeid med saka, sier Bernt G. Bøe.


Henta fram historia att

– Historia om Mannbjønnen låg nærmast skjult frå 1920-talet til eg henta den fram i nokre Driva-artiklar i 1978. Desse utvida eg og tok inn i boka "Kring ein fjord" i 1980. Her i Bøfjorden har vi så halde stoffet ved like - både med skuleelevar og seinare i historielaget. Men altså ikkje på nasjonalt plan.

Han påpeiker at han ikkje er historikar og har ikkje hatt høve til den granskinga av originaldokument som Haukenes og Jonny Lyngstad no prisverdig har gjort. Les NRK-artikkelen her.

IMGP8896_690x460.jpg
Bent G. Bøe (arkivfoto)
 

– Dette er ei historie så unik at den knapt har sin parallell i verda, sier Bernt Bøe.

Det fyldigaste som hittil er skrive om Mannbjønnen trur han likevel er hans eigen artikkel i årboka for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015. Les den her (PDF-fil)
 

Dragsetvisa

Bøe ber folk merke seg at Dragsetvisa fortel om TO tragiske hendingar. Det startar med dei to brørne som drukna same våren som bjønnen tok syster deira.

Slik er Dragsetvisa, vel å merke i tekstversjon frå1924: 

Mbj Dragsetvisa B Teksten Avskrift 1924 (3)-page0001.jpg
Mbj Dragsetvisa B Teksten Avskrift 1924 (3)-page0002.jpg

Mbj Dragsetvisa B Teksten Avskrift 1924 (3)-page0003.jpg


Bernt Bøe trur og å ha funne melodien på Dragsetvisa:

Mbj DRAGSETVISA Folketone Surnadal (2).jpg


Meir om Skyttar-Tølløv og bjørnejegerar frå Bøfjorden

Jonny Lyngstad har funne ut meir om Skyttar-Tølløv, og om tre bøfjordingar som jakta bjønn i 1776. Dette var kanskje etter at den såkalla "Mannbjønnen" VAR skoten, undrar Bernt Bøe. Han har samanfatta den nye informasjonen slik:

Mbj Bjønnajegrar Bøfjorden  1776 (1)-page-0.jpg


"Åsted Bøfjorden"

Bernt Bøe har og merka seg at 4xtippoldefar til dottersonen hans, John Heggem, (Joen Olsøn Heggem1751-1813) var ein av desse bjørnejegerane. Joen Olsøn Heggem jakta på bjørm saman med to sambygdingar som begge heitte Ola, og altså med Skyttar-Tølløv.

I ettertid synest Bernt Bøe det er artig å vise biletet frå skuleteaterframsyninga i Bøfjorden, som han trur var i 2010. Der nettopp John Heggem (rett nok i rolla som "Tølløv") siktar på bamsen med børsa ...

Mbj b Tølløv skyt Skuleteater Bøfjorden (1)_690x483.jpg
Dei to aktørane er John Heggem d.y. ("Tølløv", som skyt) og Johannes Helgå Johnsen jaktkamerat "Ola". (Foto: Bernt G. Bøe)

Mbj a Trodalen Ungdomsskulen (1).jpg
Ein ungdomsskuleklasse besøkjer Trodalen i 2010. I steinurda de ser bak huset (til venstre), var det bjønnen drap sitt (truleg) første offer, Knud Olsen Trodal - antakeleg hausten 1774. SÅ lokalt er dette altså (Foto: Bernt G. Bøe)


MANNBJØNNBERGET (mellom Heggemsneset og Kalset) er ikkje nemnt i NRK-artikkelen. Men dit skal same bjønnen ha jaga ei gjetarjente ned frå skogen; ho hoppa på sjøen og vart berga av kyrkjebåten som kom roande forbi akkurat da!

Mbj c MbjBerget Einar Syver (1).jpg
To andre av Bernt Bøe sine barnebarn, brørne Einar Vetleseter Melling (6 år) og Syver V.M. (10) står ved skiltet som peikar ned til det aktuelle berget ved sjøen. (Foto: Bernt G. Bøe)

MBj d MbjBerget Syver Einar Anders (1).jpg
Pappa Anders Melling agerte Mannbjønn og "jaga" gutane sine ned på det same berget ... Gutane bur i "tjukkaste Mannbjønn-terrenget, så morfar Bernt tok dei med til "Åsted Bøfjorden" her om dagen. (Foto: Bernt G. Bøe)