Onsdag
Onsdag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Skyet
12°
Skyet
Flau vind
Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
ann ingeborg grimsmo målprisen 2018 1

Målprisen for 2018 til Ann Ingeborg Grimsmo

På årsmøtet til Nordmøre mållag i helga vart målprisen for 2018 utdelt til Ann Ingeborg Grimsmo frå Rindal. "Ho representerer grunnstammen i målrørsla, og har vore punktleg og påliteleg i alt ho har gjort", heiter det i grunngjevinga frå mållaget.

Ingressfoto: Norunn Holten.

Laurdag hadde Nordmøre mållag årsmøte på Liabøen i Halsa, og i samband med dette vart målprisen for 2018 utdelt. 

Årets mottakar av prisen var Ann Ingeborg Grimsmo, og styreleiar Åsmund Ormset og resten av styret si grunngjeving var slik:
 

"Ann Ingeborg bur i Rindal, og som språkbrukar og kulturperson er ho prega av solide røter i kulturbakgrunnen frå Indre Nordmøre.

Ho har vore medlem av Noregs Mållag i snart 40 år.

Først var ho medlem i Gjemnes Mållag, og etterkvart vart ho med i styret i Nordmøre Mållag. Likeeins var ho med i skriftstyret i Du mitt Nordmøre i fleire år. Ho representerer grunnstammen i målrørsla, og har vore punktleg og påliteleg i alt ho har gjort.

Då ho flytta heim til Rindal, vart ho snart med i styret i Rindal Heimbygdlag, og etter få år vart ho leiar. Det vervet har ho enno!

I tillegg vart ho tidleg engasjert i arbeidet med Rindal Heimbygdlag sitt årsskrift og vart etterkvart ein sentral person i arbeidet. Ein innsats ho enno held høgt.

Ann Ingeborg har gjennom alle desse åra ytt stor og trufast innsats for nynorsken både i Rindal og på Nordmøre.

Nordmøre Mållag takkar Ann Ingeborg for innsatsen, og vi er glade for å kunne gje målprisen til ein trufast, innsatsvillig målstrevar. Vi treng slike personar i organisasjonen og arbeidet for nynorsken.

Nordmøre Mållag ønskjer Ann Ingeborg Grimsmo til lykke med målprisen for 2018 og med arbeidet vidare."

ann ingeborg grimsmo målprisen 2018 2.jpg
Ann Ingeborg Grimsmo har utmerka seg med flott innsats for målsaka gjennom mange år. (Foto: Norunn Holten)

 

Nordmøre mållag er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut