ANNONSE, LEDIG STILLING:

Logoen til Den norske kyrkja Surnadal kyrkjelege fellesråd

Trusopplæringsleiar 40% og kyrkjemusikar 60% 

Trusopplæringsleiar 40 %

Vi søkjer deg som vil engasjere deg med arbeid for barn og unge frå 0 til 18 år. I stillinga får du moglegheiter til å utvikle og gjennomføre trusopplæringsarbeidet i samarbeid med sokna, frivillige og tilsette. Det er ønskeleg at du er med på rekruttering, leiing og oppfølgjing av frivillige medarbeidarar, samt at du har god kontakt og godt samarbeid med offentlege etatar og frivillige organisasjonar. Det kan forventast at du bidreg i andre kyrkjelege handlingar.

Kvalifikasjonar

· Utdanning på høgskulenivå, primært med fagleg bakgrunn innan pedagogikk, kristendom og/ eller kunst/kulturfag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

· Erfaring med barn- og ungdomsarbeid

· Beherskar data som arbeidsverktøy

Kyrkjemusikar 60 %

Vi søkjer deg som vil ta del i vårt kyrkjemusikalske arbeid. I hovudsak deltaking i gudstenester/kyrkjelege handlingar og anna musikalsk verksemd i sokna saman med vår andre organist. Vi ønskar at du medverkar i ev. korverksemd for barn og unge.

Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelle.

Kvalifikasjonar

· Fortrinnsvis 4 års kyrkjemusikalsk utdanning eller relevant musikkutdanning eller erfaring.

· Allsidige orgel- og pianoferdigheter, beherske flere musikksjangere.

· Beherskar data som arbeidsverktøy

Personleg eignaheit for begge stillingane

· Er glad i å jobbe med barn og ungdom

· Gode samarbeidsevner, positiv innstilling og fleksibilitet

· Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert

· Evne til å engasjere, inspirere og byggje relasjonar

· Tilfredsstillande norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

** Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn er velkommen til å søkje. Erfaring og interesse for kyrkjelydsarbeid er ein fordel

Vi kan tilby:

· Eit godt arbeidsmiljø der trusopplæring og kyrkjemusikk er sentrale delar av vårt fellesskap.

· Tilsetjing skjer på dei vilkår som kjem fram av lover og reglement for KAs tariffområde.

Anna:

· Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkje

· Det krevst framlegging av politiattest.

· Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.

· Du må ha førarkort minimum klasse B og disponere eigen bil.

· Kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Stillingane kan kombinerast. Dersom det blir søkt på begge stillingane, må dette presiserast i søknaden.

Søknaden med CV, attestar og namn på minst to referansepersonar sendast Surnadal kyrkjelege fellesråd, pb 19, 6656 Surnadal eller e-post: post@surnadal.kyrkja.no

Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje på telefon 974 37 733 Søknadsfrist 10.08.2024

Sjå og heimesidene til Surnadal kyrkjelege fellesråd

Powered by Labrador CMS