Søndag
Søndag Regn
Regn
Laber bris
Mandag
Mandag Lett sludd
Lett sludd
Lett bris

Korsen grendehus

Korsen grendehus ligg på Honnstad i Surnadal, cirka 7 km oppover dalen frå Skei (Surnadal sentrum). Grendehuset er opprinneleg gamle Honnstad skule, som før samla skuleungane frå Gulla, Mogstad og Krangnes på nordsida av elva, og frå Mausetmoan, Mauset, Honnstadøya, Honnstad, Sogge, Teigan, Einmoen og Ranesøyan på sørsida av elva. 

Grendefolket flytta bygninga på dugnad til noverande plass etter at skulen vart lagt ned, og sidan har huset vore samlingsstad for folket her midt i dalen. Grendene både nedanfor og ovanfor den gamle skulekrinsen har også kome til i triveleg fellesskap rundt Korsen grendehus. Og namnet? Det kjem av at huset ligg midt i dalen like sør for Korsen bru, brua som her bind saman folket på nordsida og sørsida av Surna elv. 

Kvart år arrangerer vi tradisjonsrik basar siste helga i april, kakeselskap 17.mai og juletrefest 2.juledag. Vi har også andre arrangement gjennom heile året som blir annonsert på denne sida, i lokalpressa og på Facebooksida vår. Seinare år har det vore både fiskekafe sommars tid og loppemarknad med kafé i februar. Alle er velkomne til våre arrangement i Korsen grendehus!  

Du kan også leige huset, som eignar seg godt til både store og mindre selskap og arrangement.

Korsen+grendahus.png

I første etasje finst selskapslokale med plass til rundt 30 personar, møblert med kafebord, stolar og benkar. Her ligg også fullt utstyrt kjøkken, garderobe og WC. Kjøkkenet er fullrenovert og øvrige lokale i 1.etasje oppgradert i 2018.  

I andre etasje er Storsalen med scene med plass til rundt 90 personar (pådekte bord). I andre etasje, med dobbeldør som kan opnast inn til storsalen, ligg også Lillesalen med sofagrupper. Det er vedovnar og elektrisk oppvarming i alle opphaldsrom.

Prisar for leige av huset pr 2019:

1.etg. pr dag: kr 500

1. og 2.etg (heile huset) pr dag: kr 1500

Ta kontakt med leiar Gunn Elin Sæther Lesund tlf 90 09 31 98 for å avtale leige av huset.

Følg også gjerne Korsen grendehus på Facebook.  

Tips en venn Skriv ut