Pressemelding fra Surnadal kommune:

Ytterlegare tre nærkontaktar har fått bekrefta smitte med PCR

Tre nærkontaktar til ein smitta person i Midtigrenda barnehage har i kveld, som forventa, fått bekrefta smitte med positivt svar på PCR-test.

Ein av desse er elev ved 8. trinn. Føresette og elevar på både 8. trinn og 9. trinn er varsla om at alle elevane skal teste seg to gonger med hurtigtest før oppmøte på skulen måndag. Elevane er anmoda om å gå i ventekarantene til dei har fått negativt prøvesvar på hurtigtestar.

Henting av hurtigtest på skulen søndag

Dei som manglar hurtigtestar heime, kan møte opp på Surnadal barne- og ungdomsskule mellom kl. 11.00 - 13.00. Elevar med symptom skal ikkje gå inn i skulebygget sjølv. Uavhengig av testresultat frå hurtigtestar, er elevar som har symptom bedne om å halde seg heime frå skulen måndag og inntil situasjonen er avklart.

Powered by Labrador CMS