Lilly Gunn Nyheim portrett

Julehelsing frå ordføraren i Surnadal

Arkivfoto.
 

Kjære lesarar

Det lakkar og lir mot jul og mot eit nytt årsskifte. Året 2015 går mot slutten og året 2016 står klart for bruk.

Året som vi held på å legga bak oss har vore eit innhaldsrikt år for oss politikarar, men og for mange andre.

Mykje tid har vore bruka på kommunereforma, der vi som alle andre kommunar saman med nabokommunar skal ta stilling til om vi blir ein del av ein ny kommune, eller om Surnadal kommune fortset som eigen kommune med same grenser som i dag. Dette blir ei sak som vi også i 2016 skal arbeide mykje med. Etter at både innbyggarundersøking, folkemøte og utgreiingar er gjort, skal vi på nyåret ha sonderingsmøte saman med Rindal og Halsa. Andre alternativ er no lagt vekk. Godt naboskap er viktig og eg helsar til naboar i alle retningar med ønskje om fortsatt godt naboskap og samarbeid uavhengig av resultat av kommunereforma.  

Å vera politikar i Norge er fredeleg og lite risikofylt i forhold til korleis det er i mange andre land. Det skal vi vera glade for og setta pris på. Vårt demokrati fungerer. Sjøl om vi heile tida skal strekkje oss etter forbetring, så er dei demokratiske grunnverdiane i vårt styresett ufråvikelege.

Folk på vandring.

Det smertar langt inn i hjartet å sjå tilhøva rundt om i verda, som får familiar, einslege og barn til å forlate alt dei har kjært for å sleppa unna krig og undertrykking. Mange tek høg risiko i overfylte båtar over havet til Europa. Mange av dei kjem aldri fram, og dei som kjem fram går ei usikker og strabasiøs framtid i møte. Mine tankar går aller mest til alle dei uskuldige barna som blir skadelidande.

Vi har det godt her i Norge. Likeeins kan vi seia at vi har det godt her i kommunen vår. Vi har dei siste 3 åra tatt imot fleire flyktningefamiliar, og vår erfaring så langt er at dei er godt mottekne i surnadalssamfunnet. Så kjære surnadalingar, fortsett med det.

I 2015 er det 70 år sidan andre verdenskrig tok slutt, og 75 år sidan krigen braut ut her i landet. Frigjeringsmarkeringa vart feira med eit verdig og fint arrangement i Åsskard kyrkje den 8. mai. På sjølve frigjeringsdagen. Der vart også Veterandagen markert, ved at alle veteranar frå Surnadal var invitert.

Etter sommaren var tida prega av valgkamp og valg. I oktober fekk eg takka av dei som slutta i kommunestyret og ønskt nye velkomne inn. Eg trur at alle som er med i Surnadal kommunestyre vil arbeida målretta for Surnadal i utvalga og i kommunestyret, og eg ønskjer alle saman lykke til.

Klimaavtalen i Paris er i skrivande stund, akkurat underskrive, og det er ein banebrytande avtale som også vi i Surnadal vil ta inn over oss i ulike fora.

Surnadal er, og skal vera ein god kommune å bo og leva i. Vi ønskjer eit næringsliv som gir arbeidsplassar til innbyggarane, og som gir utvikling og vekst i samfunnet.

Surnadalingen er eit folkeferd som i svært stor grad er aktive i frivillige lag og organisasjoner. Det slår positivt ut på mange måtar. For min del har eg mange gonger gjennom året fått gleda av å oppleva god underhaldning frå ulike sener. Det vera seg alt ifrå musikk og prisutdelingar til revy og idrettsarrangement.

No er det juletid, og da er mange av oss ekstra travle, men eg vil likevel komme med ei lita påminning til oss alle: Vær snille med kvarandre. Søk det positive og gode. Og om du feirar jul åleine, eller saman med andre, så ta deg tid til å senke skuldrane. Ta deg gjerne ein tur ut i frisk rein surnadalsluft. Ho er gratis og lett tilgjengeleg i heile kommunen. Og så smakar julematen ekstra godt etter å ha vore ute ei stund.

Med desse orda vil eg nytte høvet til å ønskje alle ei riktig god og fin julehøgtid, og så møtast vi på nyåret med nytt pågangsmot til eit godt nyttår!

 

Venleg helsing

Lilly Gunn Nyheim

Ordførar