oddvar mikkelsen 1 1500

Norsk Vandrefestival 2019:

Inviterer til historisk vandring

Oddvar Mikkelsen er guide når det blir historisk vandring under Norsk Vandrefestival laurdag. Og Mikkelsen lovar ei innføring i korleis ein kan utnytte det historia forteller oss om utmark- og ressursbruk.

I helga står Norsk Vandrefestival for døra, og blant postane på det innhaldsrike programmet står historisk vandring laurdag.

Her vil folk få mulegheita til å vere med kjentmann Oddvar Mikkelsen på tur, med start ved Gammelstuå på Nordvik.

– Vi startar her heime hos meg, slik at folk mellom anna kan få sjå ein del gammalt utstyr som vart brukt til å utnytte dei ressursane folk fann i utmarka, seier Mikkelsen.

På turen får folk høyre meir om både Nordvik og korleis ein kan bruke lokale naturressursar.

– Denne vandringa passar for folk uansett alder og fysisk form, seier Mikkelsen, som meiner at spesielt folk som er opptekne av miljøet bør få med seg turen.

– Det er mykje å lære av historia. Er ein oppteken av klima og miljø vil ein få nyttig informasjon om korleis folk har brukt utmarka, og kva vi kan lære av det i samband med dagens klimautfordringar. Folk levde jo i stor grad av utmark før, med lauv til for, seier han, og fortel at det på det meste var over 20 høyløer berre på Nordvik.

Mikkelsen fortel at han har lært mykje av det han kan om lokalhistoria frå Leif Halse si «Bygdebok frå Todalen» frå 1943.

– Eg vil utfordre historielag eller heimbygdlag til å få til ei nyutgåve av denne boka, for den inneheld verkeleg mykje god og viktig historie. Store deler av boka skulle vore utgjeve på nytt, som hefte, seier han.
 

Til Drunkhaugan via Nordviksetra

Etter start ved Gammelstuå, går turen opp til Summarfjøset, som er eitt av berre fire fjøs som står att på Nordvik. Turen går delvis på setersti og delvis på traktorveg, og Mikkelsen tek først følget sitt med opp til Nordviksetra.

– Der blir det enkel servering med lefser og kaffi, og dei som ønskjer det kan snu der og gå ned att.

På setra vil Mikkelsen vise fram fleire reiskapar, som av tidlegare generasjonar har vorte bruka i gardsdrift.

– Det blir nok litt konkurranse ut av det, og spennande å sjå om nokon tippar kva dei ulike tinga er, smilar Mikkelsen, som fortel at det og vert mulegheit for å helse på geiter oppe på Nordviksetra.

Dei som ønskjer å bli med heile turen, vert så med opp til Drunkhaugan, litt lenger oppe.

– Deretter går vi over Nordbrua og nedatt sletta, fortel guiden.

På veg både opp og ned vil Mikkelsen fortelle om gamle namn på ulike plassar ein går forbi.

– Vi har jo mellom anna «kaktollå», der dei som jobba i skogen nok brukte å ete lunsj, og «Mjølkhaugen», der dei samla kyr for å mjølke dei. I tillegg har vi «Saftsupbekkjen».
 

Håpar på godt oppmøte

Mikkelsen fortel at han tykkjer vandrefestivalen er eit positivt tiltak, og at fenomenet med at folk går i naturen berre fordi dei har lyst, er interessant i seg sjølv.

– Det å vandre for forlystelsen si skuld er nytt, og var tidlegare noko berre engelske og delvis tyske turistar dreiv med. Før gjekk ein i skog og mark fordi ein skulle hogge ved, sjå etter krøtter eller liknande. Det var vel først etter Aasmund Olavsson Vinje si ferd til Trondheim at folk tok til å vandre for å vandre.

Det er meldt fint turvêr på laurdag, og Mikkelsen håpar difor på godt oppmøte.

– Dersom det blir fullparkert her på garden, går det an å parkere ved forsamlingshuset og gå dei 600-700 metrane bort, seier han.

Mikkelsen forsikrar om at alle som deltek på den historiske vandringa kjem ned att i god tid før Norsk Vandrefestival arrangerer Festaften i Svinviks Arboret same ettermiddag og kveld.

– Så det er berre å bli med, det blir ein triveleg tur i eit tempo som passar dei aller fleste. Vi må tross alt få til å prate og diskutere undervegs, smilar Mikkelsen.

oddvar mikkelsen 2.JPG
Oddvar Mikkelsen framfor Gammelstuå, som er oppmøteplass for den historiske vandringa laurdag. – Få med husnummeret, så ser folk kvar dei skal, ler Mikkelsen.