Header

Indre Nordmøre Opplæringskontor:

Heder til nye fagarbeidarar

Tysdag kveld arrangerte Indre Nordmøre opplæringskontor festmiddag på Hammerstuene for faglege leiarar og dei nyslegne fagarbeidarane som opplæringskontoret har hatt siste året. Heile 32 nye fagfolk har vi fått i dalføret, noko som er svært gledeleg!

Dagleg leiar, Marit Drøpping, ønskte velkomen og kunne fortelja at på landsbasis har heile 74% av dei som har søkt lærlingeplass fått det, og i byggebransjen, isolert sett, er det heile 84% av søkjarane som har fått lærlingeplass! Så høg prosentandel er det mange år sidan det har vore!  Drøpping fortalde vidare at alle som har teke fagbrev/kompetansebrev hos opplæringskontoret siste år, framleis er i arbeid, om ikkje nødvendigvis i lærebedrifta. Dette viser at næringslivet i dalen treng nye fagfolk!

Eva Husby, leiar i næringsforeninga i Surnadal, gratulerte alle med fagbrev, og minna dei nye fagarbeidarane på at dei måtte ta med seg dei positive opplevingane dei får i kvardagen. -Vær flink til å klapp deg sjølv på skuldra, for det har du fortent, avslutta Husby.

Roy Tvedt, som representerar fagopplæringa i fylkeskommunen, var også til stades. Han tykte det var gledeleg og bli invitert til markeringa. - Så vidt eg veit, er det berre Indre Nordmøre opplæringskontor som har slike markeringar for å feire dei nye fagarbeidarane. Veldig positivt, sa Tvedt.

Sjølv om det er blitt slik at det ikkje er utdeling av sjølve fagbrevet lenger, då det kjem i posten no til dags, fekk alle dei som har bestått fagprøve blomster og ei lita gåve frå opplæringskontoret.

Her er ei liste over dei som i løpet av 2018  har teke fagbrev/kompetansebevis og lærebedrifter :

Stian Tallerås

Tømrerfaget

 VIBO

Andreas Furuhaug

Tømrerfaget

Merbygg AS

Robert Otnes

Tømrerfaget

Stiftelsen Geitbåtmuseet

Sigbjørn Hausberg

Tømrerfaget

Consto, Midt Norge AS

Sveinung Halle

Logistikkfaget

Pipelife AS

Jonas Rindal

Industrimekanikerfaget

Pipelife AS

Marius Haarstad

Industrimekanikerfaget

Pipelife AS

Edvard Gjerde

Industrimekanikerfaget

Vågland Båtbyggeri AS

Thomas Solberg

Industrimekanikerfaget

Vågland Båtbyggeri AS

Tore Betten

Industrimekanikerfaget

Vågland Båtbyggeri

Øysten Røen

Industrimekanikerfaget

Sollid Mek verksted AS

Per Christian Søderstrøm

CNC-Maskineringsfaget

Sollid Mek.verksted AS

Kristina Møkelgård

Helsearbeiderfaget

Rindal kommune

Ragna Tiset

Helsefagarbeider

Rindal kommune

Kristin Røen

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Mohamed Sharmake Abdullahi

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Lina Moen

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Helga Gjeldnes

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Guro Skralthaug

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Christina Vikavoll

Helsearbeiderfaget

Surnadal kommune

Stian Settemsdal

IKT-Servicefaget

Surnadal kommune

Frid Grøtan Hartveit

Barne og Ungdomsarbeiderfaget

Surnadal kommune

Gunn Mari Stenberg

Barne og Ungdomsarbeiderfaget

Surnadal kommune

Ola H Grytskog

Sveiserfaget

A.Kvam AS

Lars Holte

Billakkererfaget

Midt-Norge Autolakk AS

Magne Glåmen

Platearbeiderfaget

Betten Maskinstasjon AS

Fredrik B Moen

Landbruksmaskinmekanikerfaget

Rindal Traktorservice AS

Sander H Bævre

Produksjonsteknikerfaget

Talgø/Møretre AS

Isak Haltli

Trevare-og bygginnredningsfaget

Bergmoen Snekkerverksted AS

Ådne Fagerli

Rørleggerfaget

Comfort Surnadal AS

Sindre Krane Olsen

Bilfaget, tunge kjøretøy

Surnadal Lastebilverksted AS

Håvar Brønnstad

Anleggsmaskinførerfaget

KOMPETANSEBEVIS

Holte Maskin og Transport AS

Ådne Bjørkøy

Landbruksmaskinmekanikerfaget

KOMPETANSEBEVIS

Nordlund Maskin Service

Header( lite).jpg
Dei som var til stades på festmiddagen var: Frå venstre,Jonas Rindal, Ola H Grytskog (delvis skjult) Gunn Mari Stenberg, Sander H. Bævre, Kristin Røen, Sindre Krane Olsen, Guro Skralthaug, Isak Haltli, Frid Grøtan Hartveit, Fredrik B. Moen, og Andreas Furuhaug. Helga Gjeldnes var også tilstades.

Marit.JPG
Dagleg leiar i Indre Nordmøre opplæringskontor, Marit Drøpping.

Eva.JPG
Eva Husby, leiar av Surnadal næringsforum.

Roy.JPG
Roy Tvedt frå fagopplæringa i Fylkeskommunen.

Bordsetting.JPG
Godt oppmøte og flott vertskap i trivelige lokaler.

 

Trollheimsporten gratulerar dei nye fagarbeidarane!

 

Indre Nordmøre opplæringskontor er medlem av Trollheimsporten