Picasa

Halvlina roindt

Mange i Rindal og meire til, kjenner Lina roindt, landevegsløpet rundt nerbygda i Rindal. Etter at vi fekk Sunnabrua, gangbrua ved Sunna, har begrepet «Halvlina roindt» vorte bruka. Der er det to utgåver, Sunnabrua, nedover om Bolmbrua og opp Bjergen (Kulturstien), - og Sunnabrua om Mjohølbrua og Mjohølvegen til sentrum.

2016-01-02 13.23.28_690x388.jpg

Lørdag tok vi den nordre runden og starta ved Mjohølbrua som går over Mjohølen, den smale hølen. 
2016-01-02 13.25.41_690x388.jpg
Vi kjem inn på Fv65 i Mjohølkrysset, eller er det Bjørnåskrysset? Der ser vi Stokkøyan Industriområde med bortimot til forskjellige bedrifter, og rett over oss går Statkraft si Trøndelagsline frå Trollheim Kraftverk.

2016-01-02 13.32.48_690x388.jpg

Vi runder så Bjønnåssvingen (Sandbrøta) og ser kvifor denne vegstrekka heiter Lina. På YX Rindal bensin og service kan du fylle «tanken» mesta samme kva framkomstmiddel du brukar.

2016-01-02 13.40.15_690x388.jpg

Andre bedrifter her er nye Rindal Rør og noko meir etablerte murmester Per Skjølsvold (nedafor t.h.).
Herifrå ser vi også sju av dei større mjølkeprodusentane i bygda! Den tida forhaustarane gjekk for fullt om sommaren, var det ikkje mange andre stader ein kunne høre fleire. (Bildet over er tatt nordover/bakover mot YX-stasjonen).

2016-01-02 13.42.29_690x388.jpg

2016-01-02 13.44.28_690x460.jpg

Bjønnåsbrua, som er den gamle Bolmbrua, hadde sin periode, men har vore ute av bruk i mange år.

2016-01-02 13.50.34_690x388.jpg

Sjølv om meieret er nedlagt, er det liv i Sunnaområdet! Verkstad både for bil og landbruksmaskiner, butikkar som Bunnpris og RBL har utruleg breitt varespekter!

Nedafor ser du nybrua frå forskjellige kantar.

2016-01-02 13.53.23_690x388.jpg

2016-01-02 13.55.13_690x388.jpg

2016-01-02 13.55.50_690x388.jpg

2016-01-02 13.58.32_690x388.jpg

2016-01-02 13.55.27_690x388.jpg

Her er det veg til Bolmbrua ved ny veg opp til gangvegen langs Fv65 eller forbi renseanlegget og Rinnvollen stadion.

2016-01-02 13.59.17_690x388.jpg

Den nye vegen opp til Vestre boligfelt i Rindal sentrum er riktig så idyllisk.

2016-01-02 14.02.32_690x388.jpg

Motbakkar kjem vi ikkje unna.

2016-01-02 14.04.54_690x388.jpg

2016-01-02 14.06.22_690x388.jpg

Er det stjerneklårt, kan du ta ein pause og kikke på stjernene frå nettet i stjernekikkertårnet.

2016-01-02 14.07.57_690x388.jpg

Knyken tronar majestetisk nede i dalen.

2016-01-02 14.14.55_690x308.jpg

2016-01-02 14.19.37_690x398.jpg

Vi kjem så inn på fylkesvegen på Langkloppan etter å ha passert Rindal skole, Rindalshuset og Rindalshallen, og har Rindal Skimuseum til høgre og Rindal ILs skistadion rett fram. 

2016-01-02 14.19.44_690x344.jpg

2016-01-02 14.20.16_690x388.jpg

Der ligg også Igltjønna med badstue og badeplass med stupetårn. Litt av eit kulturbeite!

2016-01-02 14.21.04_690x329.jpg

2016-01-02 14.23.24_690x388.jpg

Etter halvannan kilometer med gangveg, må vi dele vegen med bilar igjen på Jøåbakken nedover mot Jøåbrua.

2016-01-02 14.25.01_690x388.jpg

2016-01-02 14.26.41_690x388.jpg

Her passerer vi Kjerkbakkainn på venstre side. Her var det nere på det vart bygd kjerke!

2016-01-02 14.30.47_690x388.jpg

Vi langar ut bortover Landsemvollane og ser Dalbakkbakken langt framme. Den er dryg, og syklar du, så er det drygt opp mot toppen.

2016-01-02 14.40.30_690x388.jpg

2016-01-02 14.41.58_690x388.jpg

Djupdalsbrua og Djupdalen ber namnet sitt med rette.

2016-01-02 14.42.58_690x389.jpg

Her kan vi gå opp Fosseibakkane etter gammelvegen, Langmyrhaugvegen, over til Holte og Holtbrua (ved Deltrans).

2016-01-02 14.48.12_690x387.jpg

Runden er unnagjort, i underkant av 8 km. Vi ser Brubakken, som ikkje har namn etter Mjohølbrua, men etter den eldste Bjønnåsbrua som låg nedunder mælane til venstre her. På andre sida av elva låg husmannsplassen Bruøya øvst på elveflata ovafor YX Rindal bensin og service.
Mjohølvegen frå Djupdalen og Mjohølbrua vart ferdig i slutten av 1890-åra. 

Brua 1_690x460.jpg
(Sommarbilde)

Den brua du brukar idag er forresten den tredje på same plassen. Den forrige ser du under dagens bru, og du ser også restar av den første brua og tilførselsvegen. Så var dette ei lita kulturvandring ved starten av 2016.

Tekst/foto:OleT