Tema GmlVeg c Staupbrua

Bøfjorden Sjøbruksmuseum melder:

Gamle vegar som tema

Kvar gjekk postvegen i gamle dagar? Kven opna Markavegen? Hugsar du da mjølkeruta kroka seg innom alle gardstun? Gamle vegar er tema på museet i Bøfjorden søndag.

Bildet over: Desse tre har stansa ved Staupbrua på den gamle Settemsdalsvegen. Kva skjedde her i 1896?

 

Måleri og gulna papir kastar lys over dei kongelege ferdselsårene. Foto og folkeminne leitar opp nedgrodde kjerrevegar. Ulike prosjekt viser korleis ferdsla har skifta - i Todalen, Stangvika,  Halsa og Bøfjorden.

Drama og artighet langs gammelvegen krydrar historielagets biletkåseri.  Postbering frå Røen til Stangvika var ikkje ufarleg! Og kva som skremte karane i Settemsdalen i 1896, visste du kanskje ikkje? Med diktarar og kongar i manuskriptet er også kjendisprofilen sikra.

Etter kåseriet blir det spasertur frå museet utover Bakkabukta. Under vandringa stansar ein og minnest både skipsverft, hollendersagbruk, legendariske handelsmenn, sildnotbruk, «trivelegaste heimen i Bøfjorden» (sitat Hyldbakk) – og sjølsagt bruer og vegar som langt på veg er forsvunne.

 

 

Tema GmlVeg a RØV.jpg
Postvegen – «Gamle Kongevei» mellom Bergen og Trondheim gjekk forbi skysstasjonen og gjestgjevargarden Røv i Surnadal.

Tema GmlVeg b Åsskard.JPG
Bussen snirkla seg langs Bua og Sentralen på Åsskard.​

Tema GmlVeg d Sollisvingen.jpg
Sollisvingen – idyllisk og somtid utfordrande. Snøkledde Tussar i bakgrunnen.

Tema GmlVeg e Høgbrua.jpg
Høgbrua over Settemselva  - eit skjult, fint byggverk.​

2017 07 23 Plakat MUSEET.jpg

 

Bøfjorden Sjøbruksmuseum er medlem i Trollheimsporten.