Tirsdag
Tirsdag Regn
Regn
Laber bris
Onsdag
Onsdag Regnbyger
Regnbyger
Liten kuling
Surnadal folkedanslag på tur 2018

Surnadal folkedanslag melder:

Gamle og nye dansarar

Dansen i Surnadal folkedanslag startar opp igjen i gymsalen på Surnadal ungdomsskule tysdag 4. september kl. 20.30.

I år har vi eit tilbod til dei som har lyst til å lære seg å danse frå botnen av. Vi startar ein halvtime før, kl.20.00, tar med spelemanen vår og to-tre vante dansepar frå laget blir med som rettleiarar og meddansarar.

Vi ønskjer at mange fleire får interesse for dei tradisjonelle dansane våre og med det kan få glede av det denne forma for mosjon gir.

Vi dansar alt frå vals, til swing og forskjellige polsdansar.

Hjarteleg velkomen skal DU vere om det no blir som deltakar på nybegynnarhalvtimen eller på den ordinære dansen.

Fleire opplysningar kan du få ved å ringe 71661471 eller 99163976.

 

Bildet over er frå ein tur med folkedanslaget.



Surnadal folkedanslag er medlem av Trollheimsporten.

 

 

Tips en venn Skriv ut