GmN s 1 Nordmøre Impregnering 1950-talet a_690x411

Gamle Nordmør

Du som hugsar kreosotlukta frå telefonstolpar og anna impregnert treverk vil truleg ha glede av artikkelen i Gamle Nordmør om Nordmøre Impregnering i Bøfjorden.

Gamle Nordmør er årboka til Bøfjorden Historielag, men innhaldet femner vidare langt utover Bøfjorden og Nordmøre, sjølv om opphavet til dei fleste artiklane har røter i Bøfjorden.

Nordmøre Impregnering
Nordmøre Impregnering var i si tid ei stor bedrift med mange arbeidsplassar. Her får du lese historia frå lokaliseringskampen til kampen om å behalde bedrifta og arbeidsplassane etter at anlegget vart ein del av MøreTre rundt 1980.
GmN s 5 Impregneringa Stablar c ZM_690x422.jpg

Vidare i heftet kan vi lese fleire artiklar om personar.

Kyrkjebyggaren
Kyrkjebyggaren Ole Olsen Scheistrøen, husmannsguten som vart byggmeister og kyrkjebyggar står bak både Ranes, Øye og Rindalskyrkja og mange fleire høgreiste kyrkjebygg. Valsøyfjord kyrkje var den første han bygde. I heftet les vi mellom anna at han ikkje godtok teikninga av tårnet til Rindalskyrkja. Han meinte at det kom ikkje til å stå om dei bygde det slik. Det måtte forsterkast for at det ikkje skulle ramle ned.

Johan Helgetun var tett på arbeidet med restaureringa av dette tårnet etter brannen for nokre år sidan. Han bekreftar at det er fire lange stokkar, - strekkfiskar - oppe i tårnet som han no skjønar kvifor er slik som dei er. Dei held toppen av tårnet fast til underlaget og vrir seg elastiske slik at dei strammar seg opp mot vinden når den tek tak i tårnet.

Idrettsmenn
Av nyare historie har heftet eit fyldig portrett av idrettsmannen Johannes Vaag (bilde nedafor) i samband med at han i sommar runda 80 år.

GmN s23 Johs Birken 2003_690x888.jpg
GmN s 27 Johs JV Miniatyrmedaljar_0001_690x149.jpg
Skal tru om han har tal på alle medaljane han har? Du ser nokre av dei ovafor. Opplistinga i heftet toppar med Kongens fortjenstmedalje. Elles er det mange både militære og sivile merke, også internasjonale – for han har oppnådd krava til Medalje med krone for Nijmegenmarsjen, ein 4 dagar lang marsj som går i Nederland.
 

Ein annan idrettsmann som får omtale, er Olav Megård frå Halsa. Topprestasjonane hans var nok da han slo Mora-Nisse i Svenska Skidspelen i 1953, og at han deltok på det norske laget i lag med mellom andre Martin Stokken og Edvin Landsem under VM i Falun 1954.

Sild

GmN s 40 Sildball_690x219.jpg
Silda blir også heidra med ein rikt illustrert artikkel. Vi kan lese både om fangsten i fjorden og sildballen på bordet. På bildet ovafor ser du mesta oppskrifta på sildball!

Internasjonalt
Av internasjonale innslag blir vi mint om nordmørsgutar som vart utkommandert til svenskekongens hær på 1650-talet og om fangen som slapp ut frå Auschwitz i live. 

Mange vil også lese meir om presten Herr Anders som i 2016 fekk sin eigen musikal -  "Sild, synd og sang!"

GmN s Gunnv HjDress_690x771.jpg
Har du høyrt om "Hjelmen-dressen"? På bildet ovafor prøvar Gunnvald Bøe ein "Hjelmen-dress", og i Gamle Nordmør kan du lese meir om  konfeksjonsfabrikken i Settemsdalen!

Alle bilda er frå heftet Gamle Nordmør.

God lesing!