Magne Hansen foto Jens O E Moe

Full kontroll i år også

- Det skal ikkje mykje til før det blir kaos med tidene. Det seier Magne Hansen, som i år er med som speaker og tidtakar på Todalsdagen for siste gong.

Tekst og foto: Jens Olav Edvardsson Moe

 

Magne Hansen har vore med frå starten, både på Todalsdagen og Søyacupen. Han starta som speaker ein gong på 80-tallet, då innanfor langrenn. Han har vore delaktig i skirenn både i Surnadal, Grøa, Rindal og Eidsvåg. Det var Terje Nordvik som fekk Magne med som speaker og tidtakar på Todalsdagen.

- Alltid like gøy å vere med på Todalsdagen, seier han.

 

Mykje å halde styr på

Fordelen med Todalsdagen kontra Søyacupen er at alle kampane er like lange, noko så gjer det lettare å ta tida. Magne har to klokker som han stiller inn slik at dei startar når kampane startar, men klokkene stoppar ikkje når det er pause så da må han fram med god gammaldags penn og papir. Det skal ikkje mykje til før det kan bli kaos med tidene. Skulle ei av klokkene bli øydelagd så må man fram med armbandsuret å prøve å halde følgje. Samtidig går Ræta Opp av stabelen midt på dagen. Magne prøvar å følgje med der også.

- Då tar eg tida med armbandsuret mitt slik at eg veit kor lang tid dei har bruka og om det er mogleg med ny løyperekord.

Ein anna stor fordel er at Todalen var tidleg ut med å skaffe trådlaus mikrofon, noko som gjer at han kan bevege seg fritt mellom banane og få med seg det meste som skjer.

 

Siste året

Magne kan avsløre at i år er siste året han er med som speaker og tidtakar på Todalsdagen. Neste år blir han 70 år og er klar for å verkeleg nyte pensjonistitlværelsa. Han kjem nok til å dukke opp på Todalsdagen i åra som kjem, men då som nøytral tilskodar.

Todalsdagen går av stabelen kommande laurdag med kampar, Ræta Opp, loppemarked og mykje meir. Magne håpar at veret blir bra og at mange tek turen til Todalen.