IMGP7303

Fleire nyheiter når Rindalsmessa feirar 10 år

Laurdag og søndag 9. og 10. november markerer Rindalsmessa sitt 10-årsjubileum med ca 65 utstillarar i Rindalshuset. Britt G. Moen lanserer ny matbok og Marthe Helgetun stiller med Trollheimsgenseren!

Furkunnjmat Naturligvis_690x690.jpg
Britt Grete Moen stiller altså med den tredje kokeboka si, «Furkunnjmat – Naturligvis.» Ho og samarbeidspartnarane i iTrollheimen står også bak idéen om Trollheimsgenseren, ein genser som «viser kar oss kjem frå». Marthe Helgetun er no ferdig med den og lanserer den på Rindalsmessa.

Trollheimsgenseren_0005_DSCF7221_690x518.jpg
Åse Børset og Gøran Bolme frå iTrollheimen med Trollheimsgenseren. Foto: Nathan W. Lediard.

IMGP7320.JPG
Museumsvennene på Rindal Skimuseum har baka over 1000 lutefisklemser, så her kan du sikre deg nødvendig tilbehør til julematen. Bildet over er frå 2018.

Det blir også salg av lunsjrettar, middag, kaffe og kaker under heile helga!

Det er gratis inngang.

Messa er åpen fra 1000-1700 på lørdag og fra 1200-1700 på søndag.