kirsti skei, gudrun bele, ragnhild mikkelsen, kjellrun heggem, brynhild tjelle, anne-sissel ulven mogstad, arne drøpping og lilly gunn nyheim 2000

Feirar 15 år med gjenbruk

Torsdag er det på dagen 15 år sidan NMS Gjenbruk på Skei åpna dørene for første gong. – Gjenbruk er endå meir i tida no enn det var då vi starta, seier styreleiar Arne Drøpping.

Ingressfoto: Kirsti Golmen Skei (f.v.), Gudrun Bele, Ragnhild Mikkelsen, Kjellrun Heggem, Brynhild Tjelle, Anne-Sissel Ulven Mogstad, Arne Drøpping og ordførar Lilly Gunn Nyheim under måndagens markering av NMS Gjenbruk sitt 15-års-jubileum.

7. oktober 2004 ønska Drøpping, som har vore styreleiar alle 15 åra, velkommen med kaffi og eplekake. Ved åpninga vart NMS Gjenbruk på Skei den 30. NMS Gjenbruk-butikken i landet, og i 2018 passerte talet butikkar 50. Butikk-kjeda er ein del av Det Norske Misjonsselskap.

– Det å drive med gjenbruk er det rette å gjere, seier Drøpping, og får støtte frå ordførar Lilly Gunn Nyheim. Ho var på plass på jubileumsdagen for å dele ut blomster og overbringe gratulasjonar.

– Gjenbruk og ombruk er absolutt i tida no, og vi lever i eit samfunn der det er altfor mykje bruk og kast. Det å bruke ting om att er mykje betre for klimaet og miljøet, og butikkar som denne er med på å legge til rette for gjenbruk, til det beste for samfunnet, seier Nyheim.

Ordføraren rosar dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i drifta av NMS Gjenbruk, og fortsett:

– Dette går til ei god sak, og slik eg ser det er det ein vinn-vinn-situasjon å ha ein slik butikk. Eg håpar verkeleg det går rundt, og at folk kjem innom og både ser og handlar. Så gratulerer med dei første 15 åra, og masse lykke til vidare.

– Vi går med overskot, sjølv om vi ikkje akkurat kan kalle det dundrande. Dei som jobbar her tykkjer likevel det er meiningsfylt å bidra til at ting skal brukast opp att, så vi vil ikkje gje oss, seier Arne Drøpping.

lilly gunn nyheim og arne drøpping 690.jpg
Ordførar Lilly Gunn Nyheim gratulerte NMS Gjenbruk på Skei med 15-års-jubileet.
 

Deler ut rabattkort i jubileumsveka

Denne veka feirar butikken, som er åpen onsdag til laurdag kvar veke, jubileumet sitt. Det gjer dei ved å dele ut rabattkort som gjev kundane 50 prosent rabatt på ei valfri vare. Unntaket er NMS sine sjølvproduserte lys.

– Forhåpentlegvis tek ekstra mange turen innom oss no i løpet av jubileumsveka. Alle som kjem innom får rabattkort, som kan brukast på ei vare. Ein treng ikkje bruke det i løpet av jubileumsveka, det gjeld ut 2019, seier Drøpping, og legg til:

– Eg håpar og trur at kundar som har sett på ting dei har vurdert å kjøpe, men som dei kanskje tykte var litt dyrt, no kjem att og kjøper det dei har sett på til halv pris. Det kan fort lønne seg å besøke oss i jubileumsveka.

arne drøpping rabattkort 690.jpg
Arne Drøpping viser fram rabattkorta kundane som kjem innom butikken denne veka får utdelt.

Under åpninga for 15 år sidan, omsette butikken for 7 000 kroner i løpet av den første timen, fortel Drøpping.

– Ifølgje notatane våre, var det dyraste nokon kjøpte i løpet av den timen var ein selskinnsvest til 1 000 kroner, seier Drøpping, og legg til:

– Det er vel ikkje mange dagane vi har hatt høgare omsetning enn dei 8 261 kronene vi enda på i samband med åpninga.

Gudrun Bele bekreftar smilande:

– Nei, det er faktisk ingen.


Stortrivst med dugnadsarbeid

Både Bele, Drøpping, Ragnhild Mikkelsen, Nils Magnar Torvik og Randi Hatle har vore med sidan oppstarten for 15 år sidan.

Drøpping kombinerte annan jobb og styreleiarvervet fram til han for to og eit halvt år sidan - endeleg - kunne drive med NMS Gjenbruk omtrent på heiltid.

– Det er jo dette som er artig, seier han, med eit stort smil om munnen.

Og nettopp det at dei trivst godt med dugnadsarbeidet ved NMS Gjenbruk, er tydeleg hos butikkmedarbeidarane.

Kvar enkelt av dei vel kor ofte dei har vakt, og det er aldri noko problem å bytte vakter innbyrdes dersom det skulle vere nødvendig, fortel dei.

– Vi har hatt frykteleg mange gode opplevingar her, seier Gudrun Bele, og får støtte frå dei andre, som slår fast at det sosiale samvêret og det dei opplever som meiningsfylt arbeid for ei god sak, gjer at dei trivst på «jobb».

– Slik sett er lønna her fantastisk, og ein slepp heilt å plundre med pengar, i tillegg er det skattefritt, ler Drøpping.

Totalt er det no 13 butikkmedarbeidarar ved NMS Gjenbruk.

– Og til saman er vi nok snart oppi det dobbelte som jobba dugnad her sidan oppstarten i 2004, seier styreleiar Drøpping.

– Dersom det er fleire som har lyst til å vere med oss, er det berre å seie frå, seier Kirsti Skei.

brynhild tjelle, kjellrun heggem, arne drøpping og gudrun bele 690.jpg
Arne Drøpping les høgt frå notatane frå åpningsdagen ved NMS Gjenbruk på Skei i 2004, medan Brynhild Tjelle (f.v.), Kjellrun Heggem og Gudrun Bele høyrer på.