erling fiske 690

Erling Fiske tek over Surnadal/Søya/Todalen:

– Eg brenn for damefotballen

Mangeårig styreleiar og trenar i Surnadal IL Fotball, Erling Fiske, skal trene damelaget Surnadal/Søya/Todalen i 2019. – Vi er veldig godt fornøgde med at Erling blir ny trenar, seier Terje Polden.

Gjennom mange år har Erling Fiske vore sentral i fotballgruppa i Surnadal IL, og ein markant person i fotballmiljøet både på indre Nordmøre og i Nordmøre og Romsdal fotballkrets. 

Han har fleire periodar i styret i Surnadal IL Fotball bak seg, og har vore både leiar for barne- og ungdomsavdelinga og styreleiar.

Samtidig har Fiske vore aktiv som trenar for fleire lag, og det er no klart at han komande sesong blir hovudtrenar for Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag i 3. divisjon.

46-åringen tek over trenarjobben etter Espen Fougli Vraalsen.

– Erling er Surnadal IL-mann tvers gjennom. Han har stor fotballkunnskap, og vi er trygge på at han kjem til å gjere ein god jobb. Vi har mange unge spelarar, og mange av desse kjenner godt til Erling frå før, seier sportsleg leiar i Surnadal IL Fotball, Terje Polden.

Han har stor tru på denne løysinga, der og Lars Sæther har sagt ja til å bidra på trenarsida.
 

Vil involvere spelarane

Erling Fiske sjølv fortel at han gler seg til å trene damelaget.

– Eg brenn verkeleg for kvinne- og jentefotballen, og har eit sterkt ønske om at dette skal fungere best muleg.

Fiske, som var initiativtakaren til fotballgruppa sin reine jentecup, Dråkongcup, ønskjer å komme i gang med oppkøyringa så fort som muleg.

– Spelarane har trena sjølv i vinter, Eline Børmark har gjort ein god jobb med å administrere øktene etter sesongen i fjor. I løpet av kort tid kjem eg til å ta ein prat med spelarane for å finne ut kva dei ønskjer og korleis opplegget skal vere, seier Fiske.

Han fortel at fokuset blir på å få til gode og artige treningar.

– Eg vil legge til rette for at spelarane skal få bli så gode som dei sjølve ønskjer. 
 

Har stor tru på laget

Den tidlegare styreleiaren peikar på gode jentelag i ungdomsfotballen som god grunn til å sjå lyst på framtida for damefotballen i kommunen.

– Etterveksten er veldig god, så det er viktig at vi får til eit godt tilbod, både for novêrande og framtidige damelagsspelarar si skuld, seier Fiske.

På spørsmål om kva forventningar han har for 2019-sesongen, svarar den nye damelagstrenaren slik:

– Vi skal ha det så artig som muleg. Får vi trent godt og komme oss i form kjem det sportslege av seg sjølv, for vi har veldig mange gode spelarar. Eg veit kva spelarane står for og har stor tru på laget, seier Fiske.
 

Nye aldersklassar i jentefotballen

I 2019 endrar Nordmøre og Romsdal fotballkrets aldersklassane på jentesida, slik at det skal spelast Jenter 15 og Jenter 17 i staden for Jenter 14 og Jenter 16. Dermed vert det spesielt viktig for damelaget med eit godt samarbeid med Jenter 17.

– Vi trur Erling vil få yngre og litt eldre spelarar til å fungere fint saman. At vi får inn ein trenar som kjenner klubben og spelarane så godt som han gjer, trur vi og berre er eit pluss, med tanke på samarbeidet med Jenter 17-laget vårt, seier sportsleg leiar Polden.

Fiske var sentral i arbeidet då Surnadal IL vart sertifisert som NFF Kvalitetsklubb, og då klubben vart kåra til Årets Fair Play-klubb i fotballkretsen i 2014.

Han takka av som styreleiar i klubben i 2017, etter fem år som leiar og sju år i styret.
 


Surnadal Idrettslag, IL Søya og Todalen IL er medlemmar av Trollheimsporten.