IMGP1897

Flaumbilde frå Surna

Elvalangs

Elva vår har vist seg frå si dårlege side ved inngangen til denne veka. Vi føler med dei som mista dyr og kjempa mot vassmassane i formiddag. Samtidig var det godt å sjå all støtte og hjelp lokalsamfunnet kan by på.

Vi tek ein tur langs hovudelva for å sjå korleis det såg ut, slik mange gjorde idag.

IMGP1905.JPG
Øvst i bildet ser vi Brønstadhølen i Rindal der mange buktingar og rindalingar bada i sommar.

IMGP1902.JPG
Det fossar godt under den nye Sunnabrua.

IMGP1901.JPG
Elva gjekk mot den nye vegen på andre sida, så her var vegen mellom Sunna og Sentrum stengt utover dagen.

IMGP1919.JPG
Ved Igltjønna stod vatnet inn over badebrygga, men stupetårnet flaut like godt!

IMGP1900.JPG
Det var ikkje stor klaring under den nyaste Bolmbrua.

IMGP1898.JPG
Det skummar og buldrar godt rundt brukara!

IMGP1899.JPG
Brei elv nedstrøms Bolmbrua.

IMGP1896.JPG
Ved Kvammen fyller Surna godt opp i elvefaret, men vi ser av graset i vasskanten at den alt har minka litt.

IMGP1895.JPG

IMGP1892.JPG
På ekrene ved Sande breier elva seg utover.

IMGP1891.JPG
Slik såg det ut ved utløpet frå Trollheim Kraftverk, som visstnok stengte ned for ikkje å tilføre ekstra vatn til Surna.

IMGP1890.JPG
Litt for mykje vatn ved gapahuken til at det vart kaffekos denne dagen.
IMGP1889.JPG

IMGP1888.JPG
Heldigvis hadde dei fleste sauene i dalen ein fredeleg dag.
IMGP1887.JPG
Elva truar campinglivet!

IMGP1884.JPG
På andre sida av elva er det vått.

IMGP1883.JPG
Vi ser Røv Mølle borte ved lia.

IMGP1880-001.JPG
Så ser vi utover «markene» der det var mest dramatisk med tap av husdyr tidleg idag.

IMGP1879-002.JPG

IMGP1878-001.JPG