Surna

Ein dyretragedie

Helga og Harald Krangnes på Sveahaugen miste truleg rundt 40 sauer i flaumen i dag, 15 av desse har dei så langt funne døde. Mats Ranes har også mista rundt 40 dyr i dagens dyretragedie.

Der vart ein dramatisk morgon og dag for familien Krangnes da elva Surna brått voks opp og velta inn over dyrkajorda i sju- åttetida i dag tidleg. Her gjekk sauene og beita fredeleg da Surna i morgontimane brutalt kom og sopa med seg alt som stod i vegen hennar.

Både bønder, politi, brannvesen og  mannskap frå Røde Kors stilte fort opp og hjelpte til med å berge sauer som kom flytande nedover elva. Det vart óg brukt båtar i hjelpearbeidet. Truleg greidde dei å berge 30-40 av sauene frå elvastraumen. Dette var ein tung jobb både fysisk og psykisk for sauebøndene.

Sauer som er våte til skinnet er blytunge både å løfte på land og få opp i ein båt.  – Vi berga mange, og døde sauer fór forbi oss, men verst var det å sjå sauene som levde, men som vi ikkje greidde å få tak i, seier Helga Krangnes

Hell i uhell
- Heldigvis fekk vi inn lamma i går, fortel Helga. - Det var meininga vi skulle ta dei inn for haustveging i dag, men til alt hell gjorde vi det i går. Viss ikkje hadde elva reist med slaktelamma våre óg. Det var søyene som gjekk att ute. Dei har om lag 350 vinterfora sauer på Sveahaugen, om lag 40 av desse reiste elva med i dag. – No må vi opp i slaktelamgaren og plukke ut påsettlam for å erstatte desse, seier Harald Krangnes.  

Fam Krangnes.JPG

Familien Krangnes og medhjelparar tok seg ein velfortent kaffepause etter ein strevsam dag da Trollheimsporten kom på besøk. Henning Krangnes, Eivind Fiske, Arnt Magne Ugelstad, Helga, Harald og Håvard Krangnes.

Mads Ranes.JPG

Mats Ranes er den andre sauebonden som vart ramma av dagens dyretragedie. Han reknar óg med å ha tapt bort imot 40 sauer. Ranes arbeider på Sveen Auto, og fekk telefon litt før klokka 8 i dag tidleg. Han køyrde umiddelbart heimover, og møtte katastrofen før han kom til Gulla, der han har sauene sine på beite.

- Eg fekk sjå 4 sauer som kom flytande nedover elva. Eg stoppa bilen, sprang mot dei og kalla på dei. Da kom dei svømmande mot meg, og da var det berre å hoppe uti, og med vatn til midja klarte han å berge desse på land.

Han kasta seg også inn i redningsarbeidet. – Vi køyrde i båt over nettingutgarden ved Gulla, seier han, og det er antyda at elva voks mellom 1 og 2 meter da ho var på det verste i dag.

Mats Ranes hadde 100 vinterfora sauer siste vinter, og tenkte å utvide buskapen til 150 i haust. - Men det vil seg ikkje heilt, seier han, - eg har også tapt 20 sauer på sommarbeite i Vindøldalen i sommar, truleg til jerven.

Mats er nyleg heimkomen og har fått på seg tørre klede når Trollheimsporten kjem innom.
Han er framleis litt skjelven og prega av dagens tragedie. – Det var frykteleg å høyre brekinga frå sauene som fór forbi oss og som vi ikkje klarte å berge, seier han

Truleg strauk mellom 70 og 100 sauer med i flaumen i dag.

I morgon vil Røde Kors stille opp med båtar og samle saman døde dyr lags elvekanten, heilt frå elvautløpet opp til Gulla. Det vil ta eit par dagar før ein har full oversikt over omfanget av denne ulykka.

surnadal sanitet.jpg

Alle Trollheimsporten har snakka med i dag får ikkje fullrost Surnadal Sanitetsforening nok, som kasta seg rundt og laga mat til alle som var med på bergingsaksjonen. Foto frå Surnadal Sanitetsforenings si facebookside.
 

Døde sauer.JPG

Døde sauer ligg att på elvakanten ovafor Gulla.

Sau ved Røv.JPG

Trygge sauer på beite ved Røv.

Ingressbilde: Surna var stygg i dag. Her ved Røv