Vangsgutane jula 2018 2

Fonna Forlag til sals:

Drøymer om nye Vangsgutane-eigarar frå Surnadal og Todalen

Majoritetseigar Arnt Årnes vil selje Fonna Forlag, som mellom anna eig retten til Vangsgutane.

Sidan 2004 har Arnt Årnes, som sjølv budde i Surnadal til han var 15 år gamal, eigd aksjemajoriteten i Fonna Forlag. Fonna er på desse traktene nok mest kjend som forlaget bak juleheftene og bøkene om Vangsgutane, der handlinga går føre seg i Todalen.

No vil Årnes selje forlaget, og dermed og rettane til Vangsgutane.

– Eg har vorte 71 år gammal, og har planer om å selje og flytte til Latvia, der den yngste sonen min og kona hans bur, seier Årnes, som og fortel at helsa er ei medverkande årsak til ønsket om sal.
 

107 aksjonærar

Årnes kjøpte i si tid forlaget av familien Sørebø fordi han hadde lyst til å drive forlagsverksemd når han vart pensjonist. I tillegg var han oppteken av nynorsksaka, etter at han hadde nynorsk som hovudmål heilt til han starta på lærarskule utan nynorsklinje på Elverum.

Per i dag er det 107 aksjonærar i Fonna Forlag, og dei medan dei fleste av desse har ein eller to aksjar, sit Årnes på 74 prosent av totalen.

– I tillegg har forlaget sjølv tre prosent, så eg kontrollerer 77 prosent, seier Årnes, og fortel vidare:

– Det er både privatpersonar og ulike selskap som eig aksjar i Fonna Forlag, mellom anna er det ganske mange nynorsklag som er med og eig. Aksjane hadde opprinneleg ein verdi på kr. 1.000,- per stykk, men dei er seinare skrivne ned.

arnt årnes 2.jpg
Fonna Forlag-eigar Arnt Årnes ønskjer å selje forlaget, som eig rettane til mellom anna Vangsgutane (Foto: Privat).
 

 – Vangsgutane gjev overskot kvart år

Fonna Forlag ga frå 1946 til 1967 ut Nynorsk allkunnebok, som framleis er det einaste leksikonet på nynorsk. Dei har gjeve ut mange hundre bøker, samt dei to juleheftene som kjem ut den dag i dag: Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg.

Årnes fortel at bokproduksjonen har vore liten dei siste åra, men trekkjer fram at forlaget har gjeve ut samlebøker av Vangsgutane i fem band.

Juleheftet om Vangsgutane, serien til Leif Halse og Jens R. Nilssen, er framleis blant dei mest populære i Noreg, og tal frå Narvesen plasserte historiene om Steinar og Kåre Vangen på sjetteplass over dei mest selde hefta i 2018.

– Selskapet har gått med stort overskot kvart år sidan eg tok over for 14 år sidan, og har fleire millionar på bok. Juleheftet Vangsgutane gjev åleine eit stort overskot kvart einaste år, så berre rettane til dette bladet må vere verdt ganske mykje, seier Årnes.
 

Ønskjer seg lokale eigarar

71-åringen ser aller helst at lokale krefter tek over eigarskap og drift av Fonna Forlag.

– Eg stiller ikkje så store krav til kven som kjøper forlaget, men draumen er at nokon frå Surnadal og Todalen går saman om eit slags konsortium og driv det vidare, seier han, og legg til:

– Er er heilt sikker på at det går an å utvikle forlaget vidare med bøker på både bokmål og nynorsk. Faktisk kom Vangsgutane-boka frå 1973 ut på begge målformer.

Vangsgutane har betydd mykje for Arnt Årnes opp gjennom åra, og på spørsmål om kva som har vore den største oppturen som forlagseigar og -sjef er svaret enkelt:

– Det var for tre år sidan, då vi fekk til ein avtale med Bladcentralen, slik at Vangsgutane fekk plass i alle sjokksal-stativa med julehefter, som står i dei fleste butikkane i landet.

Eit mindre hyggeleg minne var i 2011, då Årnes fortel om ei framside teikna av kunstnaren Karl Erik Harr, som vart totalt mislykka i trykken.

– Det var ikkje spesielt triveleg, men som ein kuriositet kan det nemnast at Olav Thon skreiv forordet det året, og han var så fornøgd at han kjøpte fleire hundre eksemplar.
 

arnt årnes 3.jpg
Arnt Årnes, som budde i Surnadal til han var 15 år gammal, kontrollerer 77 prosent av aksjane i Fonna Forlag (Foto: Privat).