dialekta

Dialektside på Trollheimsporten

Trollheimsporten startar i dag ei dialektside, der vi ønsker innspill frå lesarane. Både surnadalsdialekta og rindalsdialekta utvatnast og mykje har kome bort i begge dialektane. Vi tek utgangspunkt i "gamle" Trollheimsporten, der ei lang rekkje artiklar frå januar 2008 og framover var lagt ut. I tillegg er ordliste over surnadalsmålet utgangspunkt.

"Gamle" Trollheimsporten hadde ei rekkje artiklar og om ord og uttrykk frå rindalsdialekta frå januar 2008 og framover. Dette stoffet vil vi legge inn på nye Trollheimsporten litt etter kvart. Du finn den nye dialektsida til Trollheimsporten under Hovedsida og Dialekt på den grå menylinja.

Sverre Hatle i Surnadal Heimbygdlag har hatt ansvaret for Ordliste over surnadalsmålet under Kultur på heimesidene til Surnadal kommune. Surnadalsmålet har vore eit prosjekt og slik innleier Sverre Hatle om dette:
Dette stoffet har no lege ute på nettet i over eit år og vart sist oppdatert i september i fjor. Heile tida har det vore arbeidd med retting, redigering, utviding og tillegg. Vi har hatt stor nytte av dei innspela vi har fått frå interesserte bygdefolk, men skulle gjerne sett at "medarbeidarane " var enda fleire. Ved første augekast verkar ikkje forandringane så store, men vi har lagt til ein god del stoff og saumfare det som var inne frå før, og har prøvd å reinske ut feil så godt vi har kunna. No ser vi på dette som eit ordbokmanuskript.
Det ligg mykje stoff om ordlista over surnadalsmålet her - det er berre å klikke seg fram.

Trollheimsporten er interessert i innspill og kommentarar om gamle ord og uttrykk frå både Surnadal og Rindal - ord og uttrykk i skog  og mark, fjell og vidde, samt alt som har kome bort av gamle ord og vendingar. Ta kontakt med Trollheimsporten gjennom redaktor@trollheimsporten.no, så skal vi lage både tema, artiklar og debatt om dette. I årsskrifter for Rindal Heimbygdlag vart det starta ein artikkelserie i 1986, der Arne Aune presenterte ord frå rindalsmålet som var i ferd med å kome bort. Dette stoffet vil også Trollheimsporten ta tak i og presentere igjen etter kvart. Det er mykje stoff å finne, men lesarane på Trollheimsporten blir den viktigaste kjelda her også. Nøl ikkje om det er noko du lurer på omkring ord og uttrykk frå Surnadal og Rindal. Ta kontakt: redaktor@trollheimsporten.no.

Under finn du første artikkel frå "gamle" Trollheimsporten rundt rindalsdialekta. Den er frå 21. januar 2008:

Rindalsord og -uttrykk
Tidens Krav har begynt å ta for seg dialektord på Nordmøre. I lørdagsavisa gjestet de Rindal og hadde vært hjemme hos Bjørg og Guttorm Bjørnås. Ekteparet har begynte å notere ned ord og uttrykk "på rindaling". Rindal Heimbygdlag skal ha vært inne på tanken om å lage et hefte med rindalsord og -uttrykk. Trollheimsporten kunne også tenke seg å opprette ei side hvor vi kan legge inn dialektuttrykk som leserne sender oss.

Noen smakebiter fra Bjørg og Guttorms liste:

ilt me': skvetter/får en støkk
itj så dan: er ikke god nok/klarer ikke
ombyssam: nysgjerrig
skripin: blid og opplagt
ryt: snorka
rakna me' se': vakna
davre: tape seg
ravveldaill: en som snakker mye

-----
En leser skriver og syns vi skal ta med:
jætslæp: snegle
bakels: vafler
mjøk: melk