Picasa

Dei pendlar

Har du sett uvanleg aktivitet på høge bruer i dalføret i det siste? Da kan det vere damer og herrer frå Trollheimen Aktiv som heng og pendlar der!

IMGP2251_690x457.jpg

Trollheimen Aktiv tilbyr fjellsportskurs, guidede klatreturar og andre aktivitetar med bruk av klatretaug, som pendelhopping frå bruer.

Trollheimen aktiv.jpg

Sjå desse videoane frå Mjøhølbrua:  Trollheimen Aktiv og  One day on Pendulum Bridge 

2015-10-10 15.16.08_690x460.jpg

Akkurat det siste kunne vi vere vitne til denne laurdagen! Her er det snakk om skikkeleg adrenalinkikk!

2015-10-10 15.16.14_690x459.jpg

Petter Forberg, Oddvar Telstad, Trine Engdal Storholt og Marie Forberg på Rinnbrua_690x457.jpg
Dagens pendlarar: Petter Forberg, Oddvar Telstad, Trine Engdal Storholt og Marie Forberg på Rinnbrua.

 

Fylkesvegen om Rindal sentrum har to bruer som er godt egna for denne sporten, Mjohølbrua og Rinnbrua. Begge bruene er høgt over elvane sine. På begge plassane er det utsprang utanom kjørebanen.

Mjohølbrua 1_690x460.jpg

Mjohølbrua ligg nær Fv65. Brua går over øvste delen av Mjohølen i Surna. Elva er smal med bratt berg på begge sidene. (Derav namnet mjo – smal). Den trafikkerte brua er tredje brua over elva her, og dei to siste står framleis. Frå den gamle brua 2-3 meter lågare enn dagens bru er det fint å hoppe utan å sjenere trafikken. 

Med springfart på det gamle brukaret får dei flott sving på spranget! Her er det litt over 10 meter høgt.

Rinnbrua_690x457.jpg

Rinnbrua går over Rinna der Bjergen, bakken mot Rindal sentrum begynner i Sagagrenda. Der er det gangbru ved sida av bilbrua. Gangbrua er utgangspunktet for hoppinga her. Her må dei stå på små utspring fra brua på utsida av rekkverket og sleppe seg ned. Her er det litt høgare enn ved Mjohølen.

IMGP2268_690x460.jpg

Trollheimen Aktiv tilbyr instruksjon i pendelhopping frå desse bruene.

IMGP2335_690x457.jpg

Utstyret er viktig i denne sporten. Det gjeld å halde god orden og ta godt vare på det. Og det er ikkje berre speidarane som må kunne knutar!

IMGP2257_690x459.jpg

Hopparen blir dratt opp på brukaret igjen etter hoppet frå den gamle Mjohølbrua. 

IMGP2292_690x457.jpg

 

Pendelhoppa ovafor er frå Mjohølbrua. Nedafor er dei fleste bilda frå Rinnbrua. Klikk på bilda for å sjå dei større og i serie!

Mjohølbrua 2
IMGP2263
IMGP2267
IMGP2279
IMGP2317
IMGP2320
IMGP2336
IMGP2351
IMGP2363
IMGP2394
IMGP2407
IMGP2410