mons otnes margrethe svinvik nils håvard øyås kristin sørheim og bernt venås 1500

– Økonomi må ikkje hindre dei svakaste i å få hjelpa dei treng

Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, var fredag i Surnadal. Der besøkte ho mellom anna Surnadal Vidaregåande skole, der ho og resten av politikarane vart utfordra av rektor Mons Otnes.

Ingressfoto: Rektor Mons Otnes (f.v.), Margrethe Svinvik, Nils Håvar Øyås, Kristin Sørheim og Bernt Venås, under Senterparti-delegasjonen sitt besøk hos Surnadal vidaregåande skole.

Tidlegare Tingvoll-ordførar Kristin Sørheim er leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, og kan bli fylkesordførar etter valet.

Fredag besøkte ho Surnadal vidaregåande skole og Svorka, saman med ordførarkandidat Margrethe Svinvik og andre sentrale politikarar frå Surnadal Sp.

– Vi i Senterpartiet har programfesta at det ikkje skal leggast ned vidaregåande skular i fylket, og ser at fleire andre parti går ut med den same haldninga. Det kan tyde på at denne saka kan vere vunne allereie før valet, seier Sørheim, og fortsett:

– Fylkesøkonomien i Møre og Romsdal tilseier ikkje at det skal vere nødvendig med nedleggingar av vidaregåande skular i løpet av dei neste fire åra, men noko meir administrativt samarbeid mellom skulane må det nok verte.

Dette har samanheng med at barnekulla i fylket vert mindre, og at det totalt sett dermed kjem til å verte færre i fylket med behov for plass ved vidaregåande utdanning.

– Vi må sjå på ei fordeling av arbeid og tilbod, kva skular som skal gjere kva. Det er frykteleg viktig at vi ikkje legg ned skular, ettersom dei spelar ei så viktig rolle i lokalsamfunna og opp mot næringslivet i kommunene, seier ho, og legg til:

– Samtidig må vi nok vere litt mindre rause når det gjeld kva skular som skal få sette i gang kva studietilbod – alle kan ikkje ha alle tilboda, seier Sørheim.

– Med dei bedriftene og den næringslivsutviklingane vi har i Surnadal, vil det vere dramatisk for oss om vi eventuelt skulle miste vidaregåande skule i framtida. Dersom det skulle skje, at ungdommane flyttar vekk for å gå på skule, risikerer vi jo og at dei vert snappa opp i arbeidslivet i den kommunen dei har flytta til, seier Nils Håvar Øyås, og får støtte av Bernt Venås:

– Ja, det er viktige nettverk som vert bygd opp i løpet av dei åra med vidaregåande opplæring, og mange opplevingar og inntrykk som påverkar kva ein vel å gjere vidare.
 

Rosar samarbeid med lokalt næringsliv

Førstkomande måndag ønskjer rektor Mons Otnes ved Surnadal vidaregåande skole 255 elevar velkomne til skulestart. 45 av desse er frå Rindal, medan 21 er framandspråklege elevar.

Han presenterte skulen for Sørheim, Svinvik, Nils Håvar Øyås og Bernt Venås, og fortalte om ein skule som i dei to siste skuleåra har hatt ein fullføringsgrad blant elevane på sterke 94,3 og 93 prosent. Fylkessnittet ligg på rundt 86 prosent, som på landsbasis og er ein høg andel.

Otnes kunne og vise til låge, gode tal både når det gjeld fråvêr og mobbing, og rektoren snakka og varmt om samarbeidet skulen har med næringslivet i lokalområdet.

– Bedriftene er utruleg flinke til å stille opp, og vi er heilt avhengige av det utruleg gode samarbeidet vi har med næringslivet. Elevane våre vert kjempegodt mottekne i samband med praksisplassar og liknande, og lokale bedrifter viser og stor interesse for arbeidet vi gjer her på skulen, seier Otnes, som i forlenginga av dette og understrekar den positive effekten det har at Marit Drøpping og Indre Nordmøre Opplæringskontor held til hos Surnadal VGS.

– Her held det gode samarbeidet med våre gode naboar i Rindal og Halsa fram, trass endringa av fylkestilhøyrigheit.

Otnes fortel at samarbeidet med næringslivet, og arbeidet til opplæringskontoret, synleggjer at Surnadal og Rindal heng veldig tett saman på mange område, med arbeidsmarknaden som eit døme.
 

Vil fornye Trøndelagsavtalen

Både rektor Otnes og Sp-politikarane Sørheim, Svinvik, Øyås og Venås er veldig positive til Trøndelagsavtalen, som no er signert av utdanningssjefane i fylka.

Samarbeidsavtalen gjeld søkarar frå Rindal, Halsa og Aure med ungdomsrett, og søkarar med rett til påbygging etter yrkeskompetanse.

For søkarar frå Rindal vil dette i praksis seie at dei, i tillegg til å ha rett til vidaregåande opplæring i Trøndelag fylke, kan søke plass ved Atlanten, Kristiansund, Surnadal, Sunndal og Tingvoll vgs i Møre og Romsdal. Søkarane frå Rindal vil då konkurrere på lik linje med søkarar frå Møre og Romsdal.

I tillegg vil elevar frå Rindal som allereie har starta vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, få fullføre denne, og det ligg og i avtalen at elevane får skuleskyss, som før.

Avtalen er signert for eitt år, og både Otnes og politikarane håpar på fornya avtale.

– Vi må prøve å få denne avtalen vidareført til evig tid, seier Kristin Sørheim, og får raskt støtte av partikollegane.

– Ja, og signala frå den administrative leiinga i fylka er at dei ønskjer at dette tilbodet skal vare, så vi håpar at fylkestinga i dei to fylka ønskjer det same, seier Otnes, og legg til:

– Der trur eg nok Senterpartiet og du, Kristin, vil få ei avgjerande rolle etter fylkestingsvalet i Møre og Romsdal.

– Det viktige her er at vi må tenke på eleven sitt beste, og det er naturleg nok ingen tvil om at Møre og Romsdal vil forlenge. Her vil det i så fall stå på Trøndelag, seier Sørheim.

– Denne ordninga er verkeleg til eleven sitt beste, og det er jo det vi som skule bryr oss om. Rindal betyr mykje, seier Otnes.


Må fylle opp klassar

Rektoren fortel at det er ei utfordring at barnekulla i Rindal og Surnadal vert mindre, samtidig som det kjem signal frå utdanningsforbundet om at ein må klare å fylle opp klassar for å få starte opp dei ulike studietilboda.

– Vi ser allereie tendensen til at ein fyller opp klassar med folk frå andre plassar, og utdanningsavdelinga i fylket er klare på at dei ikkje vil sette i gang for små tilbod, seier Otnes, og får svar frå Sørheim:

– Det er viktg å sjå på fordelinga av tilboda på dei ulike skulane, for dersom ein veit kvar det blir sett i gang kva tilbod, vil det og sørge for ein meir stabil kvardag for dei tilsette.

For å løyse utfordringa, ønskjer Sørheim å fylle opp klassar med folk som i utgangspunktet ikkje har ungdomsrett.

– Sjå på framandspråklege utan ungdomsrett, til dømes. Her burde vi vere med på å finansiere skuleløpet for dei, då får ein dei inn i arbeidslivet. Det tener samfunnet på, og eg veit det er ei kampsak både for oss, Arbeiderpartiet og truleg og dei andre partia på venstresida på fylkestinget, seier ho.
 

Etterlyste lunsjordning og utviklingstiltak

Margrethe Svinvik utfordra rektor Otnes på mulegheita for ei tilsvarande lunsjordning ved Surnadal VGS som ved Surnadal ungdsomsskule. Ordførarkandidaten understreka og viktigheita av å sjå på ulike prosjekt for utvikling, og det å vere så frampå som ein kan når det gjeld alternative metodar for læring.

– Dei vidaregåande skulane er ein del av eit såpass stort og tungt maskineri at det nok ikkje vil skje nokon rask revolusjon på dette punktet, men det er stadig fornying. Det skjer lite dramatisk over natta, men gradvis og heile tida, seier rektor Otnes.

Han nytt høvet til å komme med ei utfordring til Senterparti-delegasjonen, og andre politikarar:

– Utfordringa til dykk er følgjande, at dersom dei økonomiske rammene vert trongare, går det utover dei som treng ei ekstra, hjelpande hand. Vi er heilt avhengige av at økonomien ikkje gjer at dei svakaste ikkje får hjelpa dei treng.