julie brodtkorb 1

Brodtkorb stal showet på næringslivsdagen

Ei brennande engasjert Julie Brodtkorb heldt onsdag foredraget "De små bedriftene bygger Norge - Skjønner myndighetene det?" under Surnadal Sparebanks næringslivsdag, og publikum responderte frå første stund. Også dei andre foredragshaldarane imponerte i det som vart eit jamt, sterkt program.

Ei brennande engasjert Julie Brodtkorb heldt onsdag foredraget "De små bedriftene bygger Norge - Skjønner myndighetene det?" under Surnadal Sparebanks næringslivsdag.

Ho fortalte om overgangen frå politikken til jobben som administrerende direktør i Maskinentreprenørenes forbund (MEF), og frå første stund hadde ho publikum i si hule hand.

– Eg trur mange rundt om i landet har ei oppfatning om at dei som sitt sentralt og styrer, manglar forståing av- og kunnskap om dei små og mellomstore bedriftene dei sit og lagar retningslinjer for.

– Det er små og mellomstore bedrifter som er grunnen til at dette landet er så bra. 80 prosent av befolkninga i Noreg jobbar i ei bedrift som fell innanfor denne definisjonen - bedrifter med rundt fem tilsette, sa Brodtkorb.

Den tidlegare stabssjefen ved Statsministeren sitt kontor er, med sine 200 reisedøgn, mykje ute på besøk hos medlemsbedriftene i MEF.

Brodtkorb er leiar av representantskapet i Norges Bank og av Kringkastingsrådet, og trøndaren hadde mange gode historier på lager. 

Publikum fekk servert mange døme på korleis kvardagen er for ein del av medlemmane i MEF, og korleis denne kan forenklast.

– Det er fullt muleg å forenkle, men det er ikkje muleg utan at alle krefter i næringslivet, utan at ein har anna til felles enn at ein er små eller mellomstore bedrifter, kjem med heilt konkrete innspel, sa MEF-direktøren, før ho avslutta med følgjande oppmoding:

– Og når vi ikkje blir lytta til, må vi samle oss og skape bråk. Det er trøndarar gode til.

julie brodtkorb 2.jpg
Julie Brodtkorb, administrerande direktør i Maskinentreprenørenes forbund, engasjerte publikum under Surnadal Sparebanks næringslivsdag.

Stor suksess med pizza

Blant foredragshaldarane onsdag var Eirik Sevaldsen, mannen bak Lofthus samvirkelag. 

Lofthus samvirkelag har hatt stor suksess med konseptet bakeri på dagtid og pizzarestaurantar på kveldstid, og Sevaldsen fortalte om både si og bedrifta si historie.

Med lun humor fekk han raskt skapa god stemning i Storstuå, medan han fortalte om korleis han og samarbeidspartnarane kjøpte eit samvirkelag frå 1862.

Dette vart så tømt, og eigedomsmassen solgt. Rettane til namnet og organisasjonsnummeret beheldt dei, og Lofthus samvirkelag LL åpna i 2010.

No er bedrifta rangert som nummer 104 av 3200 gasellebedrifter i landet, omsetninga i 2017 var på 48,6 millionar kroner. Botnlinja viste snaue fem millionar kroner i pluss, og både omsetning og botnlinje har sidan gått vidare oppover.

Sevaldsen fortalte vidare om sterk kjærleik til Frank Zappa og pizza, samt korleis han let seg inspirere av sine nesten 100 tilsette, som kjem frå ulike land rundt om kring i verda.

eirik sevaldsen.JPG
Eirik Sevaldsen frå Kristiansund står bak Lofthus samvirkelag, populære pizzarestaurantar med bortimot 100 tilsette og solide overskot.


"I love Surnadal"-t-skjorta på

Jan L. Andreassen er eit kjent innslag under Surnadal Sparebanks næringslivsdag, og sjeføkonomen i Eika begeistra publikum også denne gongen. Ikkje mange kan snakke om makroøkonomi og samtidig få folk til å le jamt, men det makta Andreassen.

Allereie frå då han viste konferansier Bente Krangnes Edvardsen "I love Surnadal"-t-skjorta han fekk under næringslivsdagen i fjor, hadde han publikum på laget sitt, medan han prata om både nasjonale og internasjonale framtidsutsikter.

Andreassen fortalte om korleis mellom anna demografiske forhold, populistiske trendar og endringar i biltrafikken kan forklare økonomiske trendar. Vidare kasta han terningar for å vise med sannsynlegheitsrekning kor store sjansane er for positiv utvikling i økonomien i ulike land, til stor latter frå salen.

– Vi tåler at en eller to ting går dårlig framover, og økonomien tåler de fleste scenarioer, så lenge ikke alt går dårlig samtidig, sa Andreassen avslutningsvis.

bente edvarsen og jan l. andreassen 2.JPG


– Anti-digitaliseringa blir sterkare i Noreg

Claus Sonberg, partner i Zynk, heldt foredrag om trendar og digitalisering. Han fortalte blant anna om at klima og auka robotisering er dei to emna folk i Noreg er mest bekymra for med tanke på framtida. 

Sonberg snakka og om haldningar til demokratiet, samt signala som kjem på det han omtala som tech-lash - ein motreaksjon mot at folk alltid er pålogga sosiale medier og Internett. 

– Ting tyder på at anti-digitaliseringa berre kjem til å bli sterkare i Noreg. Søkartal via Google viser og at folk søker meir og meir etter anti-digitalisering og denne motreaksjonen, fortalte Sonberg.

claus sonberg.jpg
Claus Sonberg i Zynk.