Søndag
Søndag Regn
17°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
17°
Delvis skyet
Lett bris
_P5A0021-2 ELG

Vårsøghelga 2019 annonserer:

Brazz Brothers og ELG i solnedgang

Vårsøghelga inviterer til ein kveld der fogderistrid blir gløymt og nord- og sunnmøringar står saman om ein heidundrande konsert på Surnadal Billag!

Fredagskvelden i Vårsøghelga kan festivalen nemleg by på ELG, også kjent som Øivind Elgenes og kristiansundaren som i fjor vann TV2s «Århundrets stemme», og sjølvaste Brazz Brothers, Sunnmøres musikalske verdsmusikarar, i ein todelt konsert der god musikk og stemning er fokuset!

ELG kjenner vi kanskje aller best som sjølve stemmen i Dance With A Stranger, men som soloartist gjennom 40 år har han óg vorte ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar. ELG fylte i fjor 60 år, og det vart markert med både nytt album og konsertturne med fulle hus rundt om i landet. Albumet «Ei merkelig tid» er med norske tekstar, noko som publikum har etterspurt etter at han slapp «STORM» i 2010. Fleire av låtane på dette albumet er framleis fast følgje på konsertane. Uansett setting, om det er med fullt band, duo eller solo, blir publikum rørt av ELGs heilt eigne måte å formidle på, noko han fekk bevist til fulle i si fantastiske tolking av deLillo-låta «Hjernen er alene» i på programmet «Hver gang vi møtes».

I Vårsøghelga blir ELG backa opp av eit skarpskodd band, samansett for kvelden av ein kompetent gjeng musikarar frå indre Nordmøre: Øyvind Glåmen, Brage K. Einum, Sondre Skogseth og Olav Nergaard Tørset. Kanskje blir det ei overrasking òg?!

_BrazzBross-Foto PederOttoDybvik (1).jpg

Brazz Brothers treng slett ikkje noko ytterlegare backing. Bandet, med brødrepara Førde og Tafjord frå Sula i spissen, står fjellstøtt i det grenselause, vidope og uendeleg store og rike musikalske landskapet dei vil vise Vårsøghelgas publikum på Billaget. Dei er kjende for å gå sin eigne vegar i ein uslukkeleg tørst etter nye groovar og uhøyrde klangfargar, og i løpet av sine imponerande 33 år på reise har dei heldt over 3500 konsertar i 36 land og gitt ut 20 plater

Det ligg an til ein grand finale når konserten avsluttast med Elg, Brazz brothers og bandet forrykande fellesnummer.

Dørene opnar kl. 20 og billagsbaren er open. Som ein del av markeringa av at det er den 25. Vårsøghelga vil det bli lett kveldsmat på billetten.

Billaget har begrensa kapasitet og det er lurt å vera tidleg ute med å skaffe seg billett. Vi spår rift om plassane.

Sjå fullt program på Vårsøghelga 2019 og billettinformasjon på vårsøghelga.no

 

Laget Vårsøg er medlem av Trollheimsporten


 


 

Tips en venn Skriv ut