Surnadal IL alpint - klubbrenn

Temmeleg glad gjeng som alle fekk pokal og muffins etter rennet.

Full fart i bakken

Publisert Sist oppdatert

Laurdag arrangerte Surnadal IL alpint klubbrenn i Sæterlia, med perfekte forhold i bakken. Totalt 26 ungar deltok. Det vart køyrd superslalom i klassane U8, U9 og U10. Yngste deltakar var Anna Melkild, som er født i 2019. Det er tøft. Etter rennet var det premieutdeling med pokal og muffins til alle. Stemninga var på topp, og ungane leika og koste seg både før, etter og under rennet. Leiar i alpingruppa, Liv Jorun Aarnes Øverland, er nøgd med arrangementet, og håpar at enno fleire vil bli med på alpintrening og konkurransar. Det er rom for fleire. Klassane U12 og eldre skulle eigentleg arrangerast søndag, men vart utsett på grunn av snøproduksjon, og vil bli arrangert seinare.

Gau gjeng som gler seg til at rennet skal starte.
Tidleg krøkast, Sofie Svensli deltok med god hjelp frå pappa.
Venninnene Oda og Olise kosa seg vidare i bakken etter rennet.
Ungane klappa for kvarandre da pokalane vart delt ut. God sportsand i denne gjengen.
Etter rennet er det godt å varme seg med bakels og kakao i varmestua.
Det var ein blid gjeng som sto i kø og venta på siste runde.

Gratulerer til alle med flott innsats i rennet.

Bildeserie (bla med pilene):

Dagens deltakarar:

1. Anna Melkild, jenter U8

2. Sofie Svensli, jenter U8

3. Sara Svensli, jenter U8

4. Frida Oline Moe, jenter U8

5. …

6. Aksel Kvande, gutar U8

7. Emrik Warmøy, gutar U8

8. Julie Svensli, jenterU8

9. Oda Rudolfsen, jenter U8

10. Olise Aarnes Øverland, jenterU8

11. …

12. Jonas Holten, gutar U8

13. Amund Todalshaug Strand, gutar U8

14. Emrik Ian Langli, gutar U8

15. Emil Kvande, gutar U8

16. …

17. Emil Melkild, gutar U8

18. Mathias Lyngvær, gutar U8

19. Johannes Mogstad, gutar U8

20. Henrik Moe, gutar U8

21. …

22. …

23. Sara Mari Walle Reiten, jenter U9

24. …

25. William Sjøtun Bråstad, gutar U9

26. …

27. Birgitte Øie Nordvik, jenter U10

28. Maja Kristine Moe, jenter U10

29. …

30. Niklas Holten, gutar U10

31. Olav Kvande, gutar U10

32. Jakob Todalshaug Strand, gutar U10

33. Olve Vasseng, gutar U10

34. Lars Magnus Mogstad, gutar U10

Powered by Labrador CMS