VM skihopp for veteranar i Zakopane

Gjengen frå Noreg! Mange medaljer på dei modige menn og kvinner!

- Ei reiseskildring med både oppturar og nedturar

Publisert

Verdsmeisterkapet 2023 i skihopp og kombinert for menn og kvinner som har passert middagshøgda, vart arrangert i den kjende vintersportstaden Zakopane i Polen. For underteikna, som var førstereisgut, vart det ei heller selsom affære...

Zakopane ligg i den sørlege delen av Polen. Byen ligg på rundt 800 moh. og har eit innbyggjartal på ca 28000. Byen er polens vintersportshovudstad og det var eit yrande liv i gatane og det såg ut som dei hadde gløymt å kika på kalenderen, for byen var pynta til jul! Til gagns og det! Men vi var ikkje her for å glane på julpynt; Vi skulle hoppa! Og helst eit stykkje ned i bakken òg!

Bakkane låg i dalsida ved foten av dei mektige Tatrafjella, og det var eit fantastisk hoppanlegg med bakkar frå K-25 til K-125. Kompakt og fint og til og med stolheis, slik at ein kunne slappa godt av på tur opp. Det var isspor, noko som gjer at ferda fram til hoppkanten var ganske så behageleg.

Karstein Mauset på hopptrening i Granåsen tidlegare i vinter.

Forholda var ganske så bra første treningsdag, og eg fekk gjort nokre brukbare hopp. Eg skulle vel ha stoppa der, for andre treningsdag snødde det ganske tett, noko som førte til luggeføre. Men eg skulle sjølvsagt freista då òg, eg… Eg visste at det kunne vera litt luggeføre, då det var nokre gammelkarra som kom i overgangen med nasen først!

Eg smurde skia etter alle kunstens reglar (mine kunstens reglar) og velta meg oppi stolheisen! No skulle dei få sjå! Ein amerikanar på toppen rakte meg knoken då eg sat på bommen; Good luck,man! Eg var høfleg og sa takk og satte iveg! Alt kjendes greitt i tilløpet, traff brukbart på kanten, greitt i lufta òg! Men nedsalget… Eg gjekk på nasen nesten med det same eg trefte bakken og skaut framover! Hoppkompis Magnar Haukdal kom ilande til og lurte på kor det gjekk, men eg hadde mista pusten og klarte ikkje å svara han straks! Etter nokre sekund på alle fire, fekk eg lirka meg ut av bakken med raud nase og oppskrapa panne og eg trudde det hadde gått brukbart trass alt. Men etter nokre timar kom smertane og det viste seg at det hadde gått hard utover nokre ribbein, så eg vart tilskodar, eller rettere sagt sengeliggjande, resten av VM-veka. Hadde meir enn nok utfordringar med å ha på meg ull-lestane!

Sjølv om det ikkje vart den store medaljefangsten for meg, så var det ei stor oppleving å vera med gammel-kara på tur, og det var mange store prestasjonar av våre i raudt, kvitt og blått!

Frå Trøndelag stilte Magnar Haukdal, Melhus, Stig Viken, Vinne skilag, Jan Skevik, Skogn og Anders Bechmann, Skogn. Og underteikna frå Rindal IL

Jan Skevik fungerte òg som medisinmann for meg, då han hadde med seg mengder med Paracet som eg fekk levert på døra på! Det skal òg nemnast at han trong ein god del av tablettane sjølv etter eit fall, men han greide å bite tenna saman og fekk pallplass!

Så takk for denne gong, Zakopane! I`ll be back!

Med helsing ein litt forslått skihoppar

Karstein Mauset

Levande legende Arne Jens Jørgensen!
Opningsseremoni.
Eldstemann Jan Willy Oskal (78) smører ski!
Jan Skevik og Stig Viken.
Magnar Haukdal.
Utsyn frå K-90
Stig Viken tronar på toppen!
Powered by Labrador CMS