Trollheimstankar

– Eg er så lettrørt, kan nesten ikkje sette på songen utan at tårene kjem, gong på gong.

Kvardagen

Hei, Hanne! Har du eit dikt, eit sitat eller ein tekst du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Hanne Moen Fiske køyrde heim frå babysong på Kyrkjelydshuset. Trusopplærar Elsa Jensvold og kantor Oddveig Helset Halle hadde delt ut ein CD med songar dei brukar på babysongen. Hanne sette inn CD-en i bilstereoen og første songen var «Hverdag» av Louis Jacoby. Ho kunne ikkje hugsa å høyrt den før, og di meir ho høyrde, di meir rørt blei ho, tårene trilla.

To tette

Valet var enkelt når Hanne vart spurt om kva tekst ho hadde lyst til å dele med lesarane i Trollheimsporten.

– Eg er så lettrørt, kan nesten ikkje sette på songen utan at tårane kjem, gong på gong.

Songen handlar om travel småbarnstid, om kor slitsamt det kan vera, om tolmodigheit som blir sett på prøve. Det er da det er viktig å berre sleppe det ein har i hendene, sette seg ned og tenkje « (..) denne dag må du ta vare på. Den forsvinner mellom fingra dine nå».

Hanne har to små ungar, Bastian på snart 3 år og Emil på 1 år. Kvardagen kan vera heftig.

– Å ha to tette ungar har vore krevjande, spesielt da Emil var liten baby. Likevel er vi glade for at dei er i så lik alder. Sjå kor stor glede dei har begynt å få i kvarandre. No spring dei etter kvarandre og flirer høgt.

Stuagolvet

Hanne kjenner seg så godt att i songen.

– Eg tenkjer på det slagordet vi hadde i koronatida «Alt blir bra». Eg prøvar å sjå det positive i alle epokane, plutseleg er noko som før hadde vore håplaust, over og gløymd. Det kan vera litt provoserande at folk seier «Nyt tida, no», når ein er nattvak og alltid trøtt og sliten, men eg har innsett at eg må gjera akkurat det, «nyte tida». Tida går berre fortare og fortare, tykkjer eg.

– Når eg kjem heim frå jobb er det mange ting som skulle vorte gjort. Det er alltid ei klesmaskin, skvise inn ein middag, rydde på kjøkkenet. Det er da eg berre tenkjer: «no legg eg meg berre på stuagolvet, og så berre ligg eg her, saman med gutane».

Hanne trur at det er dei små tinga ungane kjem til å hugse. Til dømes korleis dei brukar å snu langbenken på hovudet, ta skinnfellen ned frå stolen og leike Bukkene Bruse.

– Emil har ikkje ord enno, men eg forstår godt kva han meiner når han dreg ned skinnfellen og ser på meg, smiler Hanne.

Hanne sit og tenkjer litt.

– Det er rart kor glad ein kan bli i nokon. Det er kjærleik på eit nytt nivå. Eg ser på Per på ein annan måte også, blitt forelska i han på nytt gjennom ungane våre, på ein måte. Nei, dette vart for «klæsse», seier Hanne og ler.

– På ingen måte, seier skribenten i Trollheimsporten.

Hanne sammen med Emil og Bastian.

Bestemor og bestefar

Kvardagen hadde vore annleis for Hanne og Per hadde dei ikkje hatt foreldra sine i bygda.

– Ære være besteforeldre, seier Hanne.

– Ungane mine er så heldige at dei har fire spreke besteforeldre. Dei hjelper oss mykje, og stiller opp på minuttet.

Da Hanne var høggravid med minstemann starta riene midt på natta. Ho ringte foreldra sine tvert, dei måtte vera barnevakt for Bastian.

– Dei kom hit fortare enn Per kom seg opp av senga, ler Hanne.

Ho verdsett tida ungane får vera med besteforeldra.

–Å ha besteforeldre lagar så trygge rammer i ein barndom. I tillegg får vi foreldra pustepausar i kvardagen. Det er godt.

Mor sin song

Da Bastian kom til var det koronatid, og dei fleste møtepunkt og sosiale arenaer var stengde. Det var annleis med minstemann. Med Emil fekk ho dra på babysong.

Hanne skryt av babysongen. Der er hovudfokuset kommunikasjon mellom mor og barn, gjennom leik med song, regler og sanseinntrykk.

– Det er så gøy å sjå korleis babyane ser på kvarandre og på oss mødrene når vi syng for dei. Dei blir rolege av å høyre på songen til mor si.

–Der får ein verkeleg kjenne på gode augneblink, seier Hanne.

– Dei må ein ta vare på. Kor lenge er det vi får vera «alt» i livet deira? Snart er vi kysten dei seglar frå, som det står i songen. Da må vi gje slepp og blåse i segla deira.

«Hverdag» av Louis Jocoby

Når en morragretten unge slår seg vrang og rekker tunge
Og nekter å ta klær og støvler på.
Når melkeglassa veltes og geitost-maten eltes
Mellom fingre som er klønete og små

Så husk at denne dag må du ta vare på
Den forsvinner mellom fingra dine nå
En gang vil du savne slitet
Da er det for sent å vite;
Det er du som gjør din dag og tinning grå

Når skrikinga og skrålet blir litt mer enn du kan tåle
Og du kjefter på en glede og en lek
Når du har glemt å leve midt i hverdagen og strevet
Og tålmodigheten din har satt sin strek

Så husk at denne dag må du ta vare på
Den forsvinner mellom fingra dine nå
En gang vil du savne slitet
Da er det for sent å vite;
Det er du som gjør din dag og tinning grå

Du er kysten som de en gang seiler fra
Si meg hvem er stor og hvem er liten da
Når fremtidshavet ligger som et speil
Så blås din medvind inn i deres seil

Når lørda'n blir til søndag, du ber en stille bønn da
Om at unga ikke våkner klokka 5
Men Vårherre kan'ke love at du skal kunne sove
Når to små kommer inn med morra-klem.

Så husk at denne dag må du ta vare på
Den forsvinner mellom fingra dine nå
En gang vil du savne slitet
Da er det for sent å vite;
Det er du som gjør din dag og tinning grå

..

Powered by Labrador CMS