Jo Sverre ser seg tilbake

På torsdag blir det konsert på Skimuseet i Rindal. Jo Sverre Sande kjem til å spele musikk frå plata som kjem ut på nyåret. – Lydbildet på den nye plata er meir organisk, rått og levande.

Publisert Sist oppdatert

– Håpar folk tek humoren, eller så kan dei tru det står dårleg til, ler Jo Sverre.

Den nye plata er ærleg og direkte.

– Den handlar om det å bli vaksen og ironisering rundt 30-årskrisa, om plikter og kvardagsliv, fortel han. I 20-åra ser ein berre framover, ein har så mykje ein skal gjera og oppnå, noko skjer når ein tippar 30, ein begynner å reflektere. No har eg begynt å sjå meg tilbake. Tankane tek meg ofte tilbake til Rindalen og oppveksten min her, seier Jo Sverre.

Leve av musikk

Han skriv tekster om både sine eigne og andre sine erfaringar. Tekstene kan vera både rå og direkte. Jo Sverre har spesielt ein song han er litt spent på reaksjonane på.

– Eg har ikkje turt å vise den fram til så mange enno. Songen handlar om kjensla ein har for at alt kan gå til helvetet. Det å tørre å gå for noko ein ikkje veit korleis endar, å hive seg ut i noko utrygt. Musikarar får ofte spørsmål om dei får til å leve av musikk, det er eit uforutsigbart yrke, så eg-personen i songen handlar kanskje om meg, smiler han.

Jo Sverre har testa songen på nokre konsertar, og han fortel at det har vore mykje latter. Han trur mange tykkjer det er gøitt å få eit innblikk i korleis det er å vera musikar.

Spørsmål og kommentarar om yrket sitt får Jo Sverre ofte. "Bra du har ei utdanning å falle tilbake på", "Kan du betale rekningane dine, da?".

– Folk bryr seg, det er difor dei spør meg om slike ting, men av og til kan det vera litt drygt, fortel han.

Nye instrument

På den nye plata er lydbildet meir organisk, det vil seie at synten er bytta ut med andre instrument som mandolin og fele.

–Det er eit "folk"-preg over plata, seier Jo Sverre. Eg har utfordra meg sjølv og prøvd meg på nye instrument. Trekkspel er òg eit instrument eg ikkje har nytta før, men ikkje skriv det, da er det ikkje sikkert at nokon kjøper plata, seier han og ler.

Syng på dialekt

Jo Sverre tykkjer det er godt å prøve seg fram, og at musikken utviklar seg i takt med at han blir eldre. Han ville ikkje gro fast i ein stil, men å slutte å synge på dialekt har han ikkje tenkt å gjera.

– Når eg syng på dialekt klarar eg å vera direkte, og snakke om dei små tinga på ein ekte måte. Ein unngår flosklene når ein syng på rindaling, seier Jo Sverre.

Powered by Labrador CMS