Ronja Teilgård Holten og Maja Hyldbakk Kvande selde saker og ting dei ikkje treng lenger

Sommar, sol og søndag på Øramartnan

Veret snudde og Øramartnan fekk ei avslutning med sol og mykje folk.

Publisert

Surnadalsøra velforening arrangerte også i år Øramartnan med mange forskjellige boder og utstillarar.

I Surnadal billag var det kunstutstilling, og i gata var det sal av handverksprodukt, matvarer og antikk- og bruksvarer.

Astrid Teilgård Hoem frå Krambua Utigard
Jaap den Hertog spelte lirekasse for forbipasserande. Han kunne fortelje at han driv Teater Fusentast saman med kona, og sjølv om namnet hans høyrest stasleg ut er han frå ei husmannsslekt i Nederland
Linn Sveen Aresvik og Erik Kleinsmith selde fish&chips.
Emma Hammer og Harry Skrøvset naut det fine veret
Det var mykje folk i gata på søndag
Helge og Holger såg på folkelivet og tok seg ein prat med dei som gjekk forbi
Hege Sæterbø Andersen selde koppar og mykje anna fint
Bom Tanakorn og Pan Hoset selde taimat
Trekking i martnadslotteriet

I martnaslotteriet var hovudpremien ein el-sykkel. Den heldige vinnaren var Gunnveig Aune.

Powered by Labrador CMS