Anne Forsberg Røen

–Det kriblar i magen!

Anne Forsberg Røen jobbar som lærar på Rindal skole, neste år blir ho derimot å sjå i ein annan jobb. I vår fekk ho eit tilbod ho ikkje kunne takke nei til. Neste skuleår får ho eit års permisjon for å jobbe i iTrollheimen.

Publisert

Anne har hatt mange praktiske prosjekt med elevane på skulen, dei har blant anna sett opp båthus og vore på motorsagkurs.

– Det er så gøitt når elevane ser at dei kan bruke det dei lærer på skulen i praksis. Elevane blir så motiverte, seier Anne.

– Fleire gonger har eg sagt til tiandeklassingane at eg vil bli med dei på byggfag på vidaregåande neste år, seier Anne og ler. Eg veit ikkje om dei tykkjer det er ein så god idé. Dei ser vel for seg kor drygt det må vera å ha læraren sin som medelev!

– Våg å drøyme!

– Eg har år etter år sagt at eg drøymer om å få lage ting, og ikkje gjera det etter at arbeidsdagen er ferdig, ungane lagt og rettinga gjort, fortel Anne. Så fekk eg plutseleg eit jobbtilbod frå iTrollheimen. Augo vart store, og eg kjente det kribla i magen. Eg brukte ei veke på å bestemme meg, smiler Anne.

I 14 år har Anne jobba med MOT på skulen, og der er det eit besøk i niande trinn som handlar om draumar. No fekk ho orda sine sjølv i fleisen. "Våg å drøyme! Prøv!" Etter 16 år på skulen så fekk ho mulegheit til å søke permisjon i eit år.

– Sidan eg fekk permisjon var ikkje valet så skummelt! Eg vil satse og prøve! Risikerer berre å læra noko nytt, og det er ikkje dumt, seier Anne.

Ein ting som er sikkert er at Anne kjem til å sakne kollegaane og elevane sine.

– Men eg skal fortsatt ha MOT-stillinga mi, så eg får møte ungdommane når eg er på MOT-besøk. Eg er veldig glad for at eg får snakke med ungdommane om livet, og gjera dei klar over nettverket dei har, forklarer Anne. Samarbeidet med Oddrun Husby og Åse Børset i MOT set eg stor pris på.

Nasedrope og orm

Ho trur ikkje det akkurat blir tamt med dei nye kollegaane i iTrollheimen.

– Både lattermusklane og kreativiteten min blir nok utfordra, ler Anne. Eg skal få vera med å jobbe med "Home of the trolls". Enn at det no ha vorte dokumentert at det er troll i Trollheimen, smiler Anne lurt.

– Eg skal jobbe med interiør og bygge gaue ting. iTrollheimen samarbeider med Lars Helgetun, og vi har mange byggeplaner saman. Vi skal ordne så folk får seg ei skikkleg fin oppleving på Trollheimstunet, med aktivitetsløyper og andre artige aktivitetar, forklarer Anne. Tenk å få leike seg på jobb, da!

iTrollheimen tilbyr Anne ein varierande jobb, og ho gler seg til å læra nye ting, men det er nokre ting ho er skeptisk til.

– Gøran Bolme har visst kronisk nasedrope, og det passar dårleg med min sjøl-diagnostiserte nasebjørnangst, seier Anne og ler. Ein annan sak er at eg er livredd mus og ormar, og det fyrste eg gjekk meg på på kontoret deira var mus og ormar på sprit! Eg satsar på at eg får hjelp av trolla, smiler Anne.

Powered by Labrador CMS