4.divisjon mellom Surnadal og Midsund:

5-1 over Midsund på Syltøran

Midsund måtte reise heim med firemålstap i kofferten. -Komfortabel seier på ein ganske god dag, seier trenar Espen Vraalsen

Publisert Sist oppdatert

Kampens første mål kjem etter ti minutter. Etter frispark frå Håkon Bredesen styrer Tore Bæverfjord ballen i mål med hovudet.

Kevin Brusethaug å pådra seg gult kort etter sklitakling etter 43 minutt, men før pause rekk Sander Smevoll å fange ein ball som keeper er ute og headar unna. Med keeper på halvdistanse bøyer han den i lengste kryss frå 30 meter, til ei kanonscoring. Det står 2-0 til pause.

Etter kvilen følger to gule kort, det første til Torstein Snekvik for felling utom 16-meteren. Nummer to til Vegar Brøske for protestar. Kampens tredje gule kort haustar Midsunds Jostein Blindheim etter 72 minutt.

Heimelaget kjem 3 mot 1 etter 65 minutt då Sander Smevoll dreg seg fri ute til høgre og pirkar ballen forbi keeper. Der er Arnstein Aasbø og styrer den i mål. Resultetet er 3-0.

Knappe timinuttet etter blir det straffe og mål til Surnadal då Sander Smevoll sett straffen sikkert i mål. Men Smevoll var ikkje ferdig med det. Frikk H. Talgø dreg seg fri på venstre og legg inn framom mål i 83. minutt. Smevoll kjem og sett sitt tredje for dagen. 5-0 til heimelaget på Syltøran.

Like etter reduserer Midsund i det Zakkias Godø og sett inn Midsunds første og kampens siste mål etter frispark.

Kampen endar dermed med 5-1 til Surnadalsgutane.

-Ein sollid gjennomført kamp, meiner trenar Espen Vraalsen.

-Vi kontrollerte greit heile vegen. I første omgang slit vi med å skape mange sjanser, men scorar på to av dei tre vi har. I andre omgang opnar det seg meir begge vegar, og vi skapar litt meir. Då vinn vi komfortabelt på ein ganske god dag, sier Vraalsen.

Powered by Labrador CMS