21_715x460

Julekalenderen 2012

21. desember 2012

Tilbyr lære for livet og meiner at "felles opplevelse gir dobbelt glede". Kva heiter dagens medlemsbedrift?

Dei fleste innsendarane i dag var samde om at dette måtte vera Nordmøre folkehøgskule ved Sommarro i sentrum av Surnadal.

 

Her er nokre klipp frå dei mange svara vi fekk inn:

 

Denne adventskalenderen har vært i vanskeligste laget for oss som har bodd utabøgdes i mange år. Har vært vanskelig å kjenne seg igjen, da alt er veldig forandra, og mye er nytt. Men denne plassen drar jeg kjensel på, har bodd oppå bakken til venstre i flere år da jeg jobba på Surnadal sjukeheim. Det må være surnadal folkehøgskule. (Eldbjørg Strand, Sarpsborg)

 

Heisan! Nordmøre Folkehøgskule, " Høgskulin" så vi sie. I bakgrunn sjer vi Prestegarden og Surnadal videregående skule. (Einar Grønnes)

 

Svaret idag er Nordmøre Folkehøgskole. Husker min mor fortalte: ho var elev der under krigen, men vart evakuert, og skolen vart da flyttet til Aure. (Berit R. Kvernberg)

 

Biletet må vera av Nordmøre Folkehøgskule på Skei, Surnadal. Skulen kom til Surnadal i 1919. Og Eirik Øverås frå Eresfjord var første styraren. Sturla Brørs (Gammel-Sturla) frå Namdalen var og styrar i mange år. Målsaka, undervisinga av nynorsk var svært viktig. Ein slapp ikkje gjennom med mange bokmålsord for den som var elev på den tida. (Magne Holten)

 

Vinnaren er:

 

Gåve Frå firma Kontaktperson Vinnar:
 Rindalssmykke (sølv)  Rindal kommune  Morten Møller  Liv Dalsegg, Surnadal
       
       

 

NB: e-postadressa trollheimsporten@gmail.com er konkurranseadressa vår, alle andre e-postar sender du til redaktor@trollheimsporten.no
 

 

Gå tilbake til luke 20 for å sjå rett svar på gårdagens oppgåve, og sjå kven som var den heldige vinnaren. Etter å ha svara på julekalenderen vår kan det hende du har lyst til å prøve deg på andre også. Kva med Atlanterhavsporten sin kalender? Eller Meldal sin?