Ola T Heggem sommer 2017

- Ingen overraskelse

Stortinget vedtok i går at fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Trøndelag justerast slik at Rindal kommune blir ein del av Trøndelag fylke frå 1. januar 2019. Ingen overraskelse, seier ordførar Ola T. Heggem.

2018-05-15 07.49.14.jpg
Foto: John J. Storholt

- Dette var ingen overraskelse, men det var godt å få det bekrefta, seier ordførar Ola T. Heggem om vedtaket om grensejustering.

I Rindal har dei arbeidd ut frå at det kom til å bli slik etter at statsråd Meland ringte og fortalte at departementet kom til å innstille på at Rindal skulle få tilhøre Trøndelag frå januar 2019.

Det endelege vedtaket vart altså gjort av eit einstemmig Storting onsdag 13. juni 2018.

Så vidt ordføraren kjenner til så er alle fire politiske parti med lokallag i Rindal i gang med å knyte seg til fylkesorganisasjonen sin i Trøndelag for å ta del i prosessen fram mot fylkestingsvalget hausten 2019.

Frå årsskiftet får Rindal nytt kommunenummer slik alle trøndelagskommunane og dei nye samanslegne kommunane får. Det er eit firesifra identifikasjonsnummer som ofte vert bruka til statistikk.

Heggem seier at dei vi sjå på prosessen til fellesnemnda i Heim i arbeidet framover, for det er mykje som må avklarast på kort tid. Han understrekar at det er ingen interkommunale samarbeid som blir avslutta med dette vedtaket.

2018-05-14 17.23.38.jpg
Foto: John J. Storholt.

Dei blå skilta ved fylkesgrensa blir flytta, men passeringa av grensa blir like uhindra som før for dei som pendlar og for dei som handlar – begge vegar.

Av dei konkrete endringane er det nok kva vidaregåande skole ein kan velge som har vore mest framme i samtalane mellom folk. Mange rindalsungdommar har ønska å gå på skole i Trøndelag. Dei vil truleg få ønsket sitt oppfylt. Men samtidig vil ordføraren satse mykje på at Surnadal vgs skal vere skolen for Rindal med god skoleskyss, slik det også må vere for dei som vil nordover.

I løpet av juni vil ordførar Heggem og fleire frå kommuneadministrasjonen ha møte med samferdselsavdelinga og så mange andre avdelingar som muleg hos Fylkesmannen i Trøndelag. Vidare kjem fylkestannlegen til Rindal.

- Vi vil truleg enkelt kunne bli lagt under Trøndelag Politidistrikt, meiner Ola Heggem, - og når Orkland NAV blir etablert i 2020, blir vi naturleg med der.

Bispekontora må ein også ha ein runde med i lag med kyrkjeverge.

Alt dette blir ei stor arbeidsbelasting for kommuneadministrasjonen og forhandlingsutvalget, men ordføraren ønsker ikkje å forhaste seg.

- Det kan bli aktuelt og inngå kortsiktige avtalar, men ingen interkommunale avtalar vert automatisk avslutta, seier ordførar Ola T. Heggem.

 

Toppbilde: Arkivfoto.