røde kors glade for å bidra ps

– Glade for å kunne bidra

Måndag kveld jobbar Surnadal Røde Kors Hjelpekorps framleis for å finne dyr som vart teke av vassmengdene då Surna fløymde over. Sjøen er no så urolig at det ikkje let seg gjere å søke med båt, og Røde Kors tek difor ATV’ar i bruk.

– Dette er heilt tragisk for dei som står midt oppe i det, og vi har full medkjensle med bøndene.

Det seier Lars Polden junior, som er leiar i Surnadal Røde Kors Hjelpekorps.

Dei har ein beredskapsavtalen med Surnadal kommune, og med bakgrunn i denne vart dei rundt klokka 13.00 måndag kalla ut av ordførar Lilly Gunn Nyheim for å bistå i flomtragedien, som kosta fleire titals dyr livet.

Leiar i Røde Kors, Reidar Brøske, fortel at totalt ni personar frå organisasjonen var på plass ved Mauseten, der Sivert Mauset og kona Kathrine mista fleire kyr i flaumen.

– Elva sank dessverre så raskt at vi ikkje fekk brukt båten vår der oppe, men vi har samarbeidd med bøndene og prøvd å hjelpe så godt vi kunne likevel.

Han fortel at oppdraget Røde Kors no har fått frå Surnadal kommune er å søke elvebreidda og i elva, med start frå elveosen ved Syltøran.

– Det er krevande arbeid, sidan det er ein del drivved og andre flytande gjenstandar i elva, seier Brøske.

Hjelpekorpsleiar Polden fortel til Trollheimsporten at sjøen er så urolig at båtpatruljen til slutt måtte gje seg.

– Ja, det var så uroleg sjø at vi ikkje tør å køyre båten no når det vert mørkt.

Han fortel at hjelpekorpset fann fem sauar før dei måtte gje seg for kvelden. Desse fem er no levert til dyreeigarane, som Røde Kors har hatt eit godt samarbeid med gjennom heile måndagen.

– Vi rakk å søke heile nerbygda, frå Byggmakker til kalkgruva på Glærum og ut til Årnes, seier Polden, som fortel at dei ni Røde Kors-karane no går over til å søke med ATV’ar.

– No blir det ein runde med ATV for å sjå over strandkanten og det som eventuelt flyt inn av dyr, så stiller vi i morgon tidleg igjen, dersom kommunen ønskjer det, seier Polden.

Han tykkjer at det på ein slik tragisk dag er godt å sjå kor ivrige folk er etter å stille opp for kvarandre.

– Dei frivillige tek seg fri frå arbeid for å hjelpe andre, det tykkjer eg er fantastisk, seier han, og legg til:

– Vi er berre glade for å kunne bidra, og stille utstyr og mannskap til disposisjon. Det gjeld til vanleg og, altså, men spesielt i slike tragiske situasjonar som i dag.

nærbilde røde kors hjelpekorps ps.jpg
Ivar Stenberg (f.v.), Ole Sæterbø, Jo Gjeldnes, Bjørn Moe, Lars Polden junior og John Ingebrigt Gjerstad var blant Surnadal Røde Kors Hjelpekorps-medlemmane som hjalp til i samband med storflaumen måndag.