Ola J

– Eit ekstremt viktig stykke lokal kulturhistorie

Allereie på 1960-talet starta Ola J. Holten innsamlinga av korrekte stadnamn langs elva Surna. Det har resultert i det 2,5 meter lange og 50 cm høge Surna-kartet, som vart avduka fredag.

Utanfor Svorka-salen i Surnadal kulturhus heng det, Surna-kartet Ola J. Holten har laga. Der har Holten samla og ført på namna på alle hølar og bekkar langs elva, og kartet framstår difor som ei komplett oversikt over Surna.

– Eg hadde aldri trudd at dette kartet skulle verte til noko folk hadde interesse av å sjå, seier Holten, og legg til:

– Sjølve innsamlinga av eksakte namn starta eg på 1960-talet, og måten eg gjorde det på var hovudsakeleg å snakke med gamle folk som kjende elva og området godt.

Fredag var det klart for offisiell avduking, ved kultursjef Lilli Husby og varaordførar Helge Røv (Ap).

– Av alle oppdraga eg har hatt som varaordførar må dette vere eitt av dei beste. Dette er eit ekstremt viktig stykke lokal kulturhistorie, og for meg personleg er det knytt utruleg mange gode minne til Surna.

– Surna er ei fin elv, men fordi ho er så rak er ho og farleg, som vi dessverre har fått sjå denne veka, seier Holten.

Kultursjef Lilli Husby trur Surna-kartet vil komme til sin rett på veggen utanfor Svorka-salen.

– Når det heng her blir kartet sett og diskutert, mellom anna av politikarane, som har kommunestyremøta sine her, seier ho.

Kartet er i målestokken 1:10 000, og vert følgd opp av ei bok, som kjem til sals neste veke. Den baserer seg på informasjon Holten skreiv ned i 1992-93.

– Boka tek for seg alle hølane, bekkane og namna på kartet, og det står litt om kvart namn, seier Holten.

– Den boka er det berre å trykke opp mange av, for den kjem folk langs heile elva til å vere kjempeinteresserte i å kjøpe, seier varaordførar Røv.

Holten si dotter, Elisabeth, som og har bidrege med redigering, fortel at det i første omgang er trykt opp «nokre» bøker, men at det, ved stor pågang, er fullt muleg at det vert trykt opp fleire.

Ola J. Holten har budd i utlandet omtrent sidan 1960, og er no busett i Sverige. I Helge Røv sin introduksjon ved avdukinga vart mannen bak kartet omtala som professor og lærar i moderne språk, som er utdanna innan mellom anna latin, tysk og fransk.

– Tenk på det, han har til og med skrive hovudfagsoppgåve om dativ i nordiske språk, seier ein entusiastisk Røv.

I tillegg til kart-prosjektet, jobbar Holten og med ei handbok om runer.

– Ja, den er på 70-80 sider, og ligg og klar til trykk, smilar Holten.

Ola J. Holten og Lilli Husby.jpg
Ola J. Holten får blomster frå kultursjef Lilli Husby.

Helge Røv og Lilli Husby avdukar Surna-kartet:

helge røv og lilli husby.jpg

helge røv og lilli husby 2.jpg

helge røv og lilli husby 3.jpg

Ola J. Holten.jpg
Ola J. Holten.