IMGP3273

Kulturvøkku 2020

- Eg er stolt av å høre til der

Misjonær Anna Sæther har vore misjonær på Taiwan i 40 år og gav oss eit godt innblikk i Taiwans historie, misjonshistorie og – ikkje minst te!

Husmøte 2020.jpg

Det tradisjonelle Husmøtet som Rindal sokn brukar å arrangere i Løsetlånna under Kulturvøkka vart i år koronnaflytta til Menighetshuset, og det vart mesta så langt frå eit husmøte ein kan komme!

Johanne Bjørkhaug.JPG

Husmøtet opna med at kantor Johanne Bjørkhaug framførte ei «ny» salme av Petter Dass, tonesett av Ola Bremnes, ei verserik salme til pris av primærnæringane.

Anna Sæther.JPG

Anna Sæther er frå Surnadal, og overgangen var stor med omsyn til befolkning. Ho budde ei tid i ei blokk i hovudstaden Taipei med like mange innbyggarar som Molde og Kristiansund tilsaman.

Anna Sæther 3.jpg

Te kan ikkje lærast frå boka, berre frå hjertet! Te er kultur, te er magi på Taiwan, og teservering er ein omfattande seremoni.

Teservering.JPG

Anna hadde med seg Oloong-te av beste kvalitet, og alle fekk både lukte og smake på den. Det var vellukka, ser vi nedafor!

Teservering 1.JPG

Men kvifor dra til Taiwan? spurte ho. Ho ønskte å dele evangeliet om Jesus med desse folka som ho er så glad i.

- Ingen skal ta frå meg retten til det, sa Anna Sæther, med tanke på diskusjonen som er om misjonering og påverknad på andre folkeslag.

Forsamling.JPG

Gi stafetten vidare.JPG
Gje stafetten vidare!

Taiwan er det landet som har flest tempel pr. innbyggar, store og små tempel. Det er gudar for alle formål, og religionen slektar på budhisme.

Det har vore drive norsk misjon på Taiwan sidan 1891, og den har sett djupe spor.

Tzu Chi er ei grein av budhismen som hat teke opp i set mykje av det kristne hjelpearbeidet og arbeider over store deler av verda.

Ein stor del av befolkninga på Taiwan kjem frå Kina, men inne i landet bur det urfolk, fjellfolk, nær fjella som er nesten 4000 meter høge. Urfolka ser annleis ut enn kinesarane og har annan kultur.

- Eg blir alltid så glad når eg er i lag med urfolka i fjella, sa Anna Sæther.

Ho fortalte også om feiringa av nyttår, lysfestival og andre religiøse festar. Ho prøvde å markere dei med tekststrimler like eins som lokalbefolkninga, men med kristne tekster. Så prøvde ho å markere julehøgtida for naboane sine.

No er det ingen norske misjonærar på Taiwan, men det er i sjølvstendig evangelisk kyrkje der med alle institusjonar som hører med.

Anna Sæther er glad for at ho har fått vere gjest på Taiwan -

- Dei tok imot meg, sa ho, sa ho om folket på Ilha Formosa (vakker øy, portugisisk).

Anne Sæther ved bordet.JPG

Anna Sæther hadde med seg fleire teservise og anna fint utstyr for te-seremonien.

Tekanne.JPG

Kunstferdig tekanne!

Koronaservering.JPG

Servering etter koronnareglar.